Back

★ Utrecht

Utrecht
                                     

★ Utrecht

Utrecht er ein by i Nederland og administrasjonssete i provinsen Utrecht. Han ligg i nordaustenden av Randstad og er den fjerde største byen i landet med om lag 290 000 innbyggjarar. Storbyområdet rundt Utrecht har opp mot 820 000 innbyggjarar.

Utrecht sitt gamle bysentrum har mange bygg og strukturar frå byen vart grunnlagd og framover. Han har vore det religiøse senteret i Nederland sidan 700-talet. I dag er han sete for erkebiskopen av Utrecht, den øvste nederlandske leiaren i den romersk-katolske kyrkja. Utrecht er òg sentrum for den protestantiske kyrkja i Nederland.

Utrecht har det største universitetet i Nederland og fleire andre høgare utdanningsinstitusjonar. På grunn av den sentrale plasseringa i landet er han òg eit viktig trafikknutepunkt for både veg og jernbane.

                                     

1.1. Historie Eldre historie

Ein har funne spor etter menneske rundt Utrecht frå bronsealderen, men byen vart grunnlagd som ein romersk festning castellum, truleg i år 47 e.Kr. Det vart bygd ei rekkje slike festningar i området etter at keisar Claudius avgjorde at riket ikkje skulle utvidast lenger nord. Grensa gjekk langs det som den gong var hovudgreina til Rhinen, som på denne tida rann lenger nord enn i dag. Namnet på festninga var berre Traiectum, som synte at ho låg ved ein vadestad over Rhinen. Seinare fekk han namnet Ultra Traiectum "festinga på den andre sida" for å skilje ho frå andre busetnader med same namn. Etter kvart vart dei to namna slått saman og utvikla seg til det noverande namnet.

På 100-talet vart tremurane erstatta av steinmurar. Det finst framleis restar av desse i dag rundt Dom-plassen.

Frå midten av 200-talet invaderte germanske stammer stadig dei nordlege romerske områda og rundt 275 reiste romarane frå Utrecht. Utrecht vert først nemnd igjen på 600-talet då frankarane under Dagobert I bygde ei kyrkje her for St. Martin innanfor murane til den romerske festninga. Under krigar med frisarar vart kyrkja øydelagd.

                                     

1.2. Historie Senter for kristendom i Nederland

Frå midten av 600-talet reiste engelske og irske misjonærar for å konvertere frisarane. Paven utpeikte Willibrordus som erkebiskop over frisarane, og dette vert rekna som starten på erkebispedømet Utrecht. I 723 gav den frankiske kongen festninga i Utrecht og det omliggande landet til biskopane, og frå den tid vart Utrecht ein av dei mektigaste maktsentera for den romersk-katolske kyrkja i Nederland.

Utrecht var først i konkurranse med handelsbyen Dorestad i nærleiken, men etter at Karl den store døydde og i kombinasjon med vikingtokt i området tok Utrecht over rolla som ein av dei viktigaste byane i Nederland. At Utrecht var eit viktig senter for kristendomen kan ein sjå ved at Adriaan Florenszoon Boeyens frå Utrecht vart pave i 1522 den siste ikkje-italienske paven før Johannes Paul II.

Då frankarane oppretta føydalismesystemet vart biskopane av Utrecht fyrstbiskopar.

                                     

1.3. Historie Byen Utrecht

Sidan Utrecht låg ved breidda av Rhinen vart han ein viktig handelssenter i Nord-Nederland. Utrecht fekk byrettar i 1122. Då hovudgreina til Rhinen flytta seg til eit sørlegare løp, vart den gamle leia gjennom byen kanalisert og eit unikt kaisystem vart bygd i den indre hamna. Lagerbygga werfkelders vart bygd slik at hovudgata, inkludert hus, vart lagt oppå lagerbygningane. I dei andre kanalbyane i Nederland ligg vassnivå og gateplanet i om lag same nivå. Forholdet mellom biskopen, som kontrollerte store landområde utanfor byen, og innbyggjarane i Utrecht, var ikkje alltid godt. Biskopen demde til dømes opp elva Lek ved Wijk bij Duurstede for å verne eigedomane sine mot flaum. Dette truga skipstrafikken til og frå byen og det vart bygd ein kanal, Vaartse Rijn, mellom Utrecht og Lek ved Nieuwegein.

                                     

1.4. Historie Slutten på sjølvstendet

I 1528 selde biskopen både byen og landområda rundt til Karl av Det tysk-romerske riket, som vart herre over Dei sytten provinsane noverande Benelux og nordlege delar av Frankrike. Denne overgangen var ikkje lett for byen som hadde fått eit visst sjølvstende og innbyggjarane ønskte ikkje å gje frå seg makta til den nye herren. Karl valde å byggje borga Vredenburg for å huse ein stor garnison som skulle halde orden i byen. Borga stod mindre enn 50 år før ho vart øydelagd i eit opprør under den nederlandske revolusjonen.

                                     

1.5. Historie Dei sameinte Nederlanda 1579-1815

I 1579 signerte dei sju nordlege provinsane Utrechtunionen, der dei valde gå i saman mot det spanske styret. Utrechtunionen vert rekna som starten på Dei sameinte Nederlanda. Innbyggjarane dreiv ut biskopane frå byen, og først i 1853 gjeninnførte den nederlandske regjeringa bispesetet.

Mangelen på strevebogar gjorde at den store domkyrkja i byen kollapsa då Utrecht vart råka av ein tornado i 1674.

Utrechttraktaten i 1713 avgjorde den spanske arvefølgjekrigen. Det mest varige resultatet av denne avtalen var at Spania avstod Gibraltar til Storbritannia.

                                     

1.6. Historie Moderne historie sidan 1815

Tidleg på 1800-talet vart rolla til Utrecht som festningsby utdatert. Dei gamle festningsverka til Nieuwe Hollandse Waterlinie vart flytta aust for Utrecht. Festningsvollane vart rivne ned slik at byen kunne vokse. Vollgravene vart ikkje rørt og danna ein viktig del av Zocher plantsoen, ein park forma som ein engelsk hage og er stort sett intakt i dag.

I 1843 opna jernbanesambandet mellom Utrecht og Amsterdam. Etter dette vart Utrecht det viktigaste knutepunktet i det nederlandske jernbanenettverket. Då den industrielle revolusjonen skaut fart i Nederland og festningsvollane vart rive ned, voks Utrecht frå 1880-åra etter kvart utanfor mellomalderbysentrumet og nye nabolag som Oudwijk, Wittevrouwen, Vogelenbuurt og Lombok i vest.

Under den andre verdskrigen vart Utrecht okkupert av tyskarane fram til den tyske generalen overgav Nederland den 5. mai 1945. Sidan verdskrigen har byen vokse stort.

                                     
  • Utrecht er ein provins i Nederland og ut frå areal den minste i landet. Han ligg midt i landet og grensar til Eemmeer i nord, Gelderland i aust, elva
  • Utrecht - traktaten, som oppretta freden i Utrecht bestod av ei rekkje individuelle fredsavtalar og ikkje eitt enkelt dokument, signert av dei krigførande
  • One More Time - Live in Utrecht 1992 er eit konsertalbum av Procol Harum som kom ut i 1999. Matthew Fisher - orgel Geoff Whitehorn - gitar Dave Bronze
  • provinsen Utrecht i Nederland. Ho vert stundom kalla Utrechtse Vecht for ikkje å forveksle ho med elva ved Overijssel. Vecht spring ut frå byen Utrecht der
  • Utrecht - skulen var ei kunstrørsle som oppstod rundt Utrecht i Nederland ved starten av 1600 - talet. Ho var sterkt inspirert av den italienske målaren Caravaggio
  • forgjengarar for dagens provinsar Holland, Zeeland, ein del av provinsen Utrecht Gelre og Ommelanda i Groningen men ikkje sjølve byen 23. januar 1579
  • fotballspelar frå Utrecht som vart europameister i 1988, og vann Cupvinnarcupen 1987 med Ajax. Wouters spelte frå 1980 i seks sesongar på FC Utrecht og var i
  • Rijn i Gelderland Oude Rijn Gamle Rhinen er ei grein i Rhindeltaet i Utrecht og Zuid - Holland i Nederland. I dag er ho 52 km lang. I romartida var dette
  • kommune og by i Nederland i provinsen Utrecht med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 7 km sør for byen Utrecht og grensar til elva Lek i sør. På
                                     
  • Michel Vorm fødd 20. oktober 1983 i IJsselstein i Utrecht - provinsen er ein nederlandsk fotballspelar. Han har spela som keeper for Swansea og har òg
  • Leidse Rijn Leidens Rhinen er ei kort elv i provinsen Utrecht i Nederland. Elva er ei rest av Rhinen og var tidlegare den viktigaste bielva hennar
  • november 1629 var ein nederlandsk målar. Han var ein av dei leiande medlemene av Utrecht - skulen. Brugghen måla i hovudsak religiøse bilete og sjangermåleri. Lite
  • Kromme Rijn Svingete Rhinen er ei elv i provinsen Utrecht i Nederland. I romartida var denne nordlegaste greina i Rhindeltaet hovudleia til denne
  • både fødd og død i Utrecht Han var ein av dei få nederlandske målarane med internasjonalt ry i samtida, ofte kalla for Utrechts Caravaggio grunna bruken
  • 1889 gjekk nederlandske og tyske kyrkjer saman i Utrecht - unionen. Sidan har erkebiskopen av Utrecht vore leiaren for den internasjonale gammalkatolikk - kongressen
  • Nederlandsk seriemeister: 1993 med Feyenoord Nederlandsk cupmeister: 1985 med FC Utrecht og 1994 og 1995 med Feyenoord Vinnar av UEFA - cupen: 1992 med Ajax Belgisk
  • var organist i katedralen i Utrecht frå 1987 til 2011. Han har gitt ut fleire plater der han speler på Bätz - orgelet i Utrecht - katedralen. I 2011 vart han
  • avstått til Spania og Storbritannia i 1763. På det største i 1712 før Utrecht - traktaten dekte Ny - Frankrike området frå Newfoundland til Rocky Mountains
  • Amersfoort er ein kommune og by i Nederland i provinsen Utrecht Med om lag 150 000 innbyggjarar er han den nest største kommunen i provinsen. Det er
  • nederlandsk renessansemålar frå landsbyen Schoorl Scorel ved Alkmaar i Utrecht Han var den fyrste nederlandske målaren som studerte i Italia, og tok
                                     
  • Wesley Benjamin Sneijder fødd 9. juni 1984 i Utrecht er ein nederlandsk fotballspelar som har spela for Inter i italiensk Serie A, og for det nederlandske
  • var opphavleg biolog og vart professor og direktør for observatoriet i Utrecht frå 1937 til 1963. Han arbeidde særleg med studiet av solstrålinga. Han
  • frå Utrecht Målvakta vann i 1988 Europacupen i fotball med PSV Eindhoven og vart europameister med Nederland. Breukelen debuterte på FC Utrecht i mars
  • by i provinsen Utrecht i Nederland, sentralt i landet. Han har rundt 60 000 innbyggjarar est. 2007 Byen ligg ikkje langt frå Utrecht i eit skogdekt
  • heimefrå og vart klokkespelar i Domtårnet i Utrecht i 1628 vart han direktør for klokkespelet i Utrecht René Descartes, Isaac Beeckman og andre vitskapsmenn
  • vekselverknad i fysikken. Han tok doktorgrad i fysikk ved universitetet i Utrecht i 1963, der han òg var professor i perioden 1966 81. Han var òg professor
  • Bosschaert då familien flytta til Bergen op Zoom i 1615 og i 1619 til Utrecht I Utrecht fekk han plass i Sankt Lukasgildet, målarlauget i byen. Omtrent samstundes
  • Viktige byar var Liège, Leuven, Mechelen, Antwerpen, Brussel, Ypres, Gent og Utrecht Namnet oppstod på 1200 - talet. Ettersom det passar dårleg med dagens landegrenser
  • Vanenburg fødd 5. mars 1964 er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar frå Utrecht Han spelte for Ajax og PSV. Europameister: 1988 med Nederland Nederlandsk
  • 1618 busette han seg i Utrecht der han året etter kom med i målarlauget. I 1621 kjøpte Savery eit stort hus i Boterstraat i Utrecht Kring huset låg ein

Users also searched:

utrecht, nederlandsk geografi. utrecht,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →