Back

★ Peru

Peru
                                     

★ Peru

Peru er ein republikk i Sør-Amerika som har grense til Ecuador, Colombia, Chile, Brasil og Bolivia og kyst mot Stillehavet. Landet dekkjer ein del av Andesfjella og regnskogen i Amazonas. Titicacasjøen ligg på grensa mot Bolivia. Inkariket hadde kjerneområde i dagens Peru.

                                     

1. Geografi

Peru er i dag om lag fem gonger så stort som Storbritannia, men då europearane kom, omfatta det i tillegg heile Bolivia og Ecuador, delar av Brasil og Colombia og mykje av Argentina og Chile.

I inkatida hadde riket dobbelt so lang kyst som no, men landet har framleis over 2 000 km open kystline mot Stillehavet.

Landet er delt på langs av dei høge Andesfjella. Mellom parallelle fjellkjeder ligg dalar med busetnader og høgfjellsplatå 3 000 – 4 000 meter over havet. Det høgaste fjellet i Peru er Huascarán, med 6 768 m.

Dei vestlege tørre slettene ved kysten costa er skilde frå Amazonasregnskogen i aust med Andesfjella i midten. På grensa til Bolivia ligg Titicacasjøen, den høgast liggjande seglbare sjøen i verda. Det høgaste fjellet er Huascarán med 6768 meter.

Frå fjella renn store vassmassar mot aust og sluttar seg til Amazonaselva. Berre nokre få elvar renn vestover mot Stillehavet.

                                     

2. Klima

Peru er eit tropeland. Frå naturen si side har landet store variasjonar i landskapet, med tørr ørken ved kysten, tropisk regnskog i innlandet og snø- og isbredekte Andesfjell imellom. Vestkysten har ørkenklima med mindre enn 50 mm nedbør i året, og heile kystbeltet er difor ein kjempestor ørken. Austsida av Andesfjella får kring 2000-3000 mm i året. Det er ein umerkeleg overgang mellom den peruanske regnskogen og den brasilianske jungelen. Middeltemperaturen i jungelstrøka er omkring 27 °C året rundt. På kysten er den varmaste tida av året februar-mai med ein middeltemperatur på 20-25 °C, medan juli-september er kaldast med temperaturar kring 15-20 °C. Dette er relativt låge temperaturar for desse breiddegradene, noko som kjem av den kalde Perustraumen, som påverkar temperaturtilhøva.

År om anna kjem den varme havstraumen El Niño sørover langs Ecuador-kysten og skapar dramatiske forstyrringar i klimaet i heile landet. Dette skjer med ujamne mellomrom, vanlegvis kvart 2.–8. år, såkalla niño-år. Niño-straumen pressar på sørover og tvingar den nordgåande Humboldtstraumen med kaldt vatn til å dreia mot vest. Det varme vatnet tek livet av millionvis av fisk. Dette skapar ikkje sjeldan hungersnaud blant fiskarane på nordkysten. El Niño bringar òg med seg skybrott som får storflaumar til å koma ned frå fjella på vanlegvis tørre stader og gjera stor skade på kystlandet. 10234 kilometer i diameter langt

                                     

3. Historie

Fleire utdøydde sivilisasjonar har halde til i Peru. Over tusen år før Inka-indianarane kom ned til kystlandet, hadde mochicaane og andre sivilisasjonar bygt akveduktar og pyramidar der.

Hovudsetet til inkariket i Peru låg i Cuzco. Landet vart erobra av spanske conquistadorar i 1533. I 1821 vart Peru erklært uavhengig, men dei spanske styrkane vart ikkje overvunne før 1824.

                                     

3.1. Historie Før-kolumbiansk tid

Peru var heimstad til ulike pre-inkakulturar, mellom dei den eldste kjende kulturen på det amerikanske kontinentet, Norte Chico-sivilisasjonen som eksisterte mellom 3000 og 1800 f. Kr. Funna frå denne tida omfattar blant anna byen Caral 200 km nord for Lima, og er den eldste byen som er funnen på kontinentet. Han er datert til cirka 2600 f. Ks. Nazcakulturen eksisterte frå omtrent 200 f.kr. til 600 e. Kr. Inkariket, som hadde hovudsete i Cuzco, var det største riket på amerikansk jord som spanjolane møtte.

                                     

3.2. Historie Spansk kolonitid

Pizarro nådde kysten av Peru i 1527, men vende tilbake til Spania for få kongeleg løyve til å erobra området med den rike høgkulturen der. Då han kom tilbake i 1532 var Inkariket i borgarkrig mellom dei to brørne Huáscar og Atahualpa. Samstundes hadde sjukdomar som europearane hadde ført med seg, særleg koppar, allereie svekka folkesetnaden. På kort tid lukkast Pizarro i å ta kontroll over heile Inkariket, og heile Peru var i 1538 under kontrollen til "conquistadorane". Landet blei eit visekongedømme i 1542 med Lima som hovudstad. Inkaene var likevel endå ikkje heilt overvunne, ikkje før i 1572 var den opne motstanden nedkjempa i det geografisk uoversiktlege landet. Større eller mindre opprør var likevel hyppige i heile kolonitida. Etterkvart blei Peru til det spanske administrasjonssenteret for det meste av det søramerikanske kontinentet. Ved sida av den administratiive tydinga var landet produsent av gull, sølv og tekstilar som blei eksporterte til Spania.

Napoleonskrigene hadde òg innverknad på Sør-Amerika med sjølvstendekrigar i mange land. Peru, med den lange tradisjonen sin som spansk administrativ senter, vart sentrumet til rojalistane på kontinentet. Difor byrja sjølvstendekampen i Peru forholdsvis seint, etter 1820.

                                     

3.3. Historie Sjølvstende

Peru erklærte sjølvstende frå Spania den 28. juli 1821 takka vera ein allianse mellom den argentinsk-chilenske hæren til José de San Martín og den storkolombianske hæren leia av Simón Bolívar. Det tok tre år før den spanske visekongen endeleg blei overvunnen den 9 desember 1824 i slaget ved Ayacucho. Dette var endepunktet for den spanske kolonitida i Sør-Amerika. Peru fekk ikkje sin første folkevalde president før i 1827. Frå 1836 til 1839 var Peru og Bolivia sameint i Peru-Bolivia-konføderasjonen, som først blei oppløyst etter ein væpna konflikt med Chile og Argentina. I desse åra heldt den politiske uroa fram, og hæren var ein viktig politisk faktor. I 1879 gjekk Peru og Bolivia igjen inn i ein allianse i kampen mot Chile i salpeterkrigen. Bolivia og Peru tapte krigen i 1883, og Peru tapte Arica til Chile. Først på byrjinga av 1900-talet blei det politiske stabilitet i landet. Stabiliteten varte til den andre presidentperioden til autoritære Augusto Leguía 1919-1930. Urolege år følgde, der eit svakt demokrati freista å hevda seg mot militæret og oligarkiet.

                                     

3.4. Historie Militærdiktatur 1948-1979

I 1948 tok militæret makta i eit kupp leia av Manuel A. Odría. Til trass for enkelte forsøk på å gjenreisa demokratiet,som i presidentvalet i 1962, blei militæret verande ved makta. Militæret var antikommunistisk og undertrykte meiningsfridom og andre borgarrettar, og korrupsjonen blomstra. På slutten av 1970-talet hadde dårleg økonomisk styring ført landet ut i krise. Militæret var svekka, og det blei laga ein ny demokratisk grunnlov.

                                     

3.5. Historie Demokrati etter 1979

Den nye grunnlova blei innført i 1979 og demokratiske val gjennomførte året etter. Peru hadde framleis grunnleggjande problem. Aukande internasjonal gjeld og inflasjon gjorde økonomisk vekst vanskeleg. Dyrking av og handel med narkotika og opprørsrørsler som den maoistiske Sendero Luminoso forstyrra ei fredeleg utvikling. Det kom ikkje betring før presidentskapet til Alberto Fujimori 1990–2000. Til trass for ein autoritær stil, korrupsjon og menneskerettsbrot blei landet stabilisert og byrja ei positiv utvikling under han. Fujimori klarte òg å nøytralisera trusselen frå Sendero Luminoso. Fujimori måtte gå av i samband med presidentvalet 2000 og flykta til Japan. Han har seinare blitt henta tilbake til Peru og dømt for korrupsjon og menneskerettsbrot. Etter Fujimori blei Alejandro Toledo vald til president som den første i stillinga av urfolksopphav. Han blei følgd i stilllinga av Alan García i 2006. Under begge presidentane heldt den positive utviklinga i landet fram. Økonomien er blant dei raskast veksande i Sør-Amerika. Presidentane Pedro Pablo Kuczynski 2016–2018 og Martín Vizcarra 2018–2020 blei begge avsette etter riksrettsprosessar i kongressen. Grunngjevinga var m.a. korrupsjon.

                                     

4.1. Samfunn Folkesetnad

Peru har ein folkesetnad på 31.2 millionar menneske folketeljing 2017.

Anslegen fødselshyppigheit i 2018 var 17.6 per 1000 innbyggjarar, og døydelegheiten same året var anslått til 6.1 per 1000 innbyggjarar. Folketalet er forventa nå 40 millionar i 2050. I 2019 budde 78.1 % av folkesetnaden i urbane område. Straumen av menneske til byane skapar store sosiale problem i Peru og folk manglar ein plass å bu, utdanning og helsetilbod.

Peru er eit multietnisk land som stammar frå ulike menneskegrupper som har vore i landet og kome til i løpet av dei siste 500 åra. Urfolk slo seg ned i dagens Per fleire tusenår før dei spanske conquistadorene kom til. Spanjolar og afrikanarar kom til i store mengder i kolonitida. Etter at Peru fekk sjølvstende frå Spania i 1821 kom europeiske innvandrarar i fleire bølgjer frå Italia, Spania, Frankrike, England og Tyskland. Etter 1850 kom arabarar, kinesarar og japanarar til.

                                     

4.2. Samfunn Religion

Peru har ikkje nokon offisiell statsreligion, sjølv om konstitusjonen anerkjenner den historiske tydinga til den katolske trusretninga i utviklinga av landet. Religionsfridom er lovfesta, og det er forbode å diskriminera personar på grunn av religiøs overtyding. Den mest utbreidde religionen i Peru er kristendom, der katolisismen er den dominerande med ei tilslutting mellom 70 og 80 %. Andre kristne trussamfunn inkluderer protestantar, ortodokse kristne og mormonarar. Andre religionar som er etablerte i Peru er mellom anna buddhisme, jødedom og islam. Utøving av tradisjonelle førkolumbiske religionar finst òg, og mange praktiserer katolisisme blanda med element av tradisjonelle religionar. I 2018 blei krava om minimum 500 vaksne registrerte medlemmar for å kunna registrera eit trossamfunn fjerna.

                                     

4.3. Samfunn Administrativ inndeling

Peru er delt inn i 25 regionar regiones, eintal: región. Desse regionane er delte i provinsar, som igjen består av distrikt. Det er 195 provinsar og 1933 distrikt i Peru. Området til houdstaden Lima blir kalla Lima Metropolitana og er ein provins, men ikkje del av ein region. Hovudstaden Lima ligg ikkje i regionen Lima.

                                     
  • Den politiske inndelinga av Peru i regionar har endra seg frå tid til anna etter at nasjonen fekk sjølvstende frå Spania i 1821. Grunngjeving for endringar
  • Amazonas i Peru er ein region i det nordlege Peru med grense mot Ecuador. Han har grenser mot Cajamarca - regionen i vest, mot San Martín - regionen i aust
  • palme - og ei laurbærgrein blir brukt i orlogsflagget til Peru Overflodshornet står for gullet i Peru vikunjaen står for dyrelivet og treet for planterikdommen
  • 13 32 S 76 51 W Jordskjelvet i Peru 2007 var eit jordskjelv med momentmagnitude 8, 0 som råka det sentrale kystområdet av Peru onsdag den 15. august 2007 klokka
  • Peru sitt flagg vart utforma av José de San Martín i 1820 og tatt i bruk frå 1825. San Martín skal ha vore inspirert av synet av ein flokk flamingoar då
  • Dette er eit oversyn over kulturelle periodar i Peru slik mange arkeologar som arbeider med området har inndelt historia. Eit skilje mellom periodar markerer
  • Partido Comunista del Perú - Sendero Luminoso Det kommunistiske partiet i Peru - Lysande sti PCP - SL eller berre PCP Organisasjonen er medlem av den
  • Oljeskandalen i Peru 2008, i peruansk presse kalla Petrogate i Noreg òg kalla korrupsjonsskandalen rundt Discover Petroleum International, er nemninga
  • kulturelle periodar i Peru og Mesoamerika som også syner teikn på synkron reising og fall av kulturar i dei to områda. Kulturelle periodar i Peru Kulturelle periodar
  • Grensestriden mellom Ecuador og Peru var ein meir langvarig tvist enn alle andre grensekonfliktar på den vestlege halvkula fram til det kom ei løysing
  • Peru - Chile - gropa er ei djuphavsgrop ved Sør - Amerika. Denne artikkelen er eit frø. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  • og typiske brennevinet i Peru Bolivia og Chile. Han blir brukt i cocktailen pisco sour, som er ikonisk for både Chile og Peru Det har oppstått ein tvist
                                     
  • Vilcabamba i Peru i dag kjent som den arkeologiske staden Espíritu Pampa, var ein siste tilfluktsstad for etterkommarar av inka Huayna Cápac og medlemer
  • spansk Región Cajamarca, quechua Kaxamarca suyu er ein region i det nordlege Peru med grense mot Ecuador. Han har grenser mot Piura - regionen og Lambayeque - regionen
  • ut på enkelte øyar i Stillehavet t.d. Chincha - øyane utanfor sørkysten av Peru på Nauru og på øyar i andre hav til dømes Juan de Nova i Indiahavet og
  • er hovudstad og største by i Peru med 7, 2 millionar innbyggjarar 2000, inkludert hamnebyen Callao Byen ligg midt i Peru i nord - sør - retning og ved stillehavskysten
  • Marañón er ei 1 905 km lang elv i Peru og ei av sideelvane til Amazonaselva. Elva har utspring i 5 800 meters høgd nær Cordillera Huayhuash ca. 160 km
  • førkolumbisk er aztekarane og maya i Mesoamerika og inka, moche og chibcha i Andes. Kulturelle periodar i Peru Kulturelle periodar i Peru og Mesoamerika
  • Ica - regionen spansk Región Ica, quechua Ika suyu er ein region i det sørvestlege Peru med kystlinje mot Stillehavet. Han har grenser mot Lima - regionen i nord
  • fjernaste kjelda ligg 3700 meter over havet i Andesfjella i Arequipa - regionen i Peru Elva er 6 400 kilometer lang og har over 200 sideelver, med eit nedbørsfelt
  • sjå tigré. Tigre er ei elv i Peru Ho blir danna når elvene Cunambo og Pintoyacu renn saman på grensa mellom Ecuador og Peru Tigre renn ut i Marañón ca
  • på erobringstoktet gjekk i land i byen Tumbes lengst nord i det moderne Peru våren 1532 skulle det gå vel fire år fram til siste store motstanden mot
  • ikkje quechuaspråka kjende slektningar. Quechua er i dag offisielt språk i Peru og Bolivia, saman med spansk og aymara. Det finst to hovudgrupper av dialektar
                                     
  • Amazonasbassenget og ei sideelv til Amazonaselva. Ho er grenseelv mellom Peru og Brasil i nesten heile lengda på 1 184 km. I hovudsak er retninga for vassføringa
  • og Peru Ho har sine kjelder i fjellsidene på vulkanane Antisana, Sincholaga og Cotopaxi og renn ut i Amazonaselva ved Francisco de Orellana i Peru I
  • Alberto Ken ya Fujimori fødd 28. juli 1938 var president i Peru frå den 28. juli 1990 til den 17. november 2000. Han var den fyrste person av austasiatisk
  • Byen Pisco er hovudstad i Pisco - distriktet i Ica - regionen i Peru Han er ein kystby ca. 20 kilometer nord for halvøya Paracas. Den moderne byen Pisco blomstra
  • seg frå 1879 til 1884 og vart utkjempa mellom Chile og fellesstyrkar frå Peru og Bolivia. Krigen førte til at Chile fekk kontroll over fleire malm - og
  • og russiske styrkar. 1883: Peru og Chile skreiv under på Ancón - traktaten som gav Tarapacá - provinsen til Chile og enda Peru si deltaking i Stillehavskrigen
  • Waynaputina er ein stratovulkan som ligg i det vulkanske høglandet sør i Peru Vulkanen kan ikkje identifiserast som eit eige fjell, men har i staden form

Users also searched:

peru,

...

Encyclopedic dictionary

Translation

peru

...
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →