Back

★ Oktav i liturgi

                                     

★ Oktav i liturgi

Oktav i kristen liturgisk samanheng er ein periode på åtte dagar som følgjer ein viktig festdag i kyrkjeåret. Namnet kjem frå latin octava dies, den åttande dagen, og viser til den siste dagen i perioden. I utgangspunktet var det berre den åttande dagen som vart spesielt markert. Etterkvart kunne "oktav" også visa til heile åttedagarsperioden.

Det er berre i Den katolske kyrkja og Den ortodokse kyrkja at ein formelt feirar oktavar, men ein kan finna spor av dei òg i kalendrane til andre kyrkjesamfunn. Det kyrkjelege namnet på nyttårsdagen 1. januar var octava nativitatis Domini åttandedagen for Herrens fødsel.

Praksisen var truleg inspirert av den jødiske skikken med å feira tabernakelfesten og dedikasjonsfesten for tempelet i åtte dagar. I kristen samanheng blei oktavar innførte på Konstantin den store si tid, då ein utvida feiringane av dedikasjonane av basilikaeie i Jerusalem og Tyr til åttedagarsperiodar.

Noko seinare innførte ein oktavar i samband med påske, pinse og i austkyrka for epifani. På 600-talet blei det òg innført oktavar for nokre viktige helgenfeste, som Peter og Paulus og Laurentius.

På 1100-talet byrja ein i vestkyrkja å ha spesielle feiringar også på dagane mellom hovudfesten og oktavdagene. Desse blei dermed òg rekna som heilagdagar. I løpet av mellomalderen auka talet på oktavar kraftig, men ved reformene av breviaret under pave Pius V og pave Pius X blei dei igjen reduserte.

23. mars 1955 utskreiv Kongregasjonen for ritane eit dekret der Den katolske kyrkje avskaffa alle oktavar bortsett frå dei for jul, påske og pinse. Pinseoktaven blei så avskaffa ved kalenderreforma i 1969, slik at det i dag berre står att to.

I Noreg blei olsok òg delvis feira med ein oktav, men denne fekk konkurranse frå ein tredje Olavsfest, nemleg translasjonsdagen = minnedagen som vart feira sjette dag etter Olsok, altså 3. august.

I Bergen universitetsbibliotek har ein eit fragment av eit kalendarium som omfattar delar av kalenderen for mai og juni. Ein har ikkje kunna datera fragmentet sikkert, men har likevel festa seg ved at ein notis i kalenderen oppgjev at ein 7. mai skulle feira oktaven for St. Erchenbald, som var biskop i London frå 675 og døydde 30. april 693. Sidan biskop Erchenbald var heilt ukjend i Noreg, må ein gå ut frå at kalenderfragmentet har engelsk opphav. I 1146 kom ei gruppe engelske munker til landet for å grunnlegga Lyse kloster – eit årstal som kan stemma med skrift og utstyr på fragmentet. Dessutan er det kjent at dyrkinga av St. Erchenbald auka i denne tida, etter at grava hans i St. Pauls katedral blei restaurert i 1140, og 14. november 1148 blei det fastlagt ein ny translasjonsdag for han, i tillegg til dødsdagen.

                                     
  • Denne sida finst òg på høgnorsk - sjå  Hn Oktav For Oktav i liturgi sjå Oktav fleirtyding Ein oktav er avstanden mellom to tonar der den eine har
  • markerer i kristen liturgi at Faderen, Sonen og Heilaganden er eitt i treeininga. Etter eit festhalvår med markering av inkarnasjonen av Gud i jula, Jesu
  • etter solefall. Ein bruker i den kyrkjelege tradisjonen ofte den gamle definisjonen på eit døger som ein finn i jødisk liturgi nemleg frå solefall til
  • Celestaen har eit noteomfang frå c1 til c5 49 tonar, 4 oktavar men notene blir skrivne ein oktav lågare enn det ein faktisk speler. melodisk slaginstrument
  • seinare, ein såkalla oktav i liturgi Feiringa av 1. januar blir i austleg kristendom kalla Jesu omskjering, i vestleg Jesu namnedag. I fleire kristne kyrkjer
                                     
  • Thomas - sundag oktaven etter påskedag Laurdag før pinse Demetrius - laurdag laurdagen før festdagen til helage Demetrius Av Thessaloniki, 26. oktober I heile
  • juledag og pinse saman med dei første to dagane i oktaven sin. I austleg kristendom kan dei finna stad i samband med større høgtider som trettande dag jul

Users also searched:

oktav i liturgi, universitetsbiblioteket i bergen. oktav i liturgi,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →