Back

★ Hn/Nederland

Hn/Nederland
                                     

★ Hn/Nederland

Kongeriket Nederland eller berre Nederland er eit lite, men tett folka land nordvest i Europa. Det hev kyst mot Nordsjøen og grensar i tillegg til Tyskland og Belgia. Landet vert nokre gonger feilaktig kalla Holland, men detta er berre to av provinsane i Nederland.

                                     

1. Landkunne

Nederland er eit sers flatt land, og berre dei søraustlegaste områdi, sum strekkjer seg sørover langs grensa millom Belgia og Tyskland mot Ardennane, hev åsar sum bryt hundremetergrensa. Vaalserberg er det høgste punktet med 322.7 meter yver havet. Den vestlege helvti av landet ligg i snitt 1 meter yver havet og mange område ligg til og med under havnivå, verna av dike langs kysten og langs dei mange elvane og kanalane.

Heilt sidan mellomalderen hev menneske forma landskapet i Nederland ved hjelp av dike. Fyr å verne mot flaum vart landsbyar og gardar bygd på menneskeskapte åsar kalla terps fyrr år 1000, og etter kvart bygde ein dike millom desse. Samstundes drenerte bøndene myrområde fyr at desse kunna dyrkast. Den opptørka torva i desse områdi vart derimot trengde saman av denna endringsrekkja og heile terrengnivået sokk. detta førte til at områdi måtte drenerast å nyo, og at terrengnivået sokk ytterlegare. Det vart bygd fleire dike og etter kvart oppstod det eit innfløkt dikesystem sum gjekk på kryss og tvers. Det vart nytta vindmøller til å pumpaa ut vatn frå den tørre sida av dika, og seinare nytta ein au vindmøller til å tømma heile innsjøar slik at ein fekk dei kjende polderane.

Flaumane hev au til stor grad forma landskapet i Nederland. Ein kraftig storm og stormflod i 1134 skapte øygruppa Zeeland. St. Elizabeth-flaumen i 1421 tok mange menneskeliv då dika brast og danna våtmarksområde Biesbosch, sum i dag er ein nasjonalpark. Ein flaum på 1200-talet skapte Zuiderzee, sum i dag er lukka og omdanna til IJsselmeer. Dei menneskeskapte endringane hev til tider gjort flaumkatastrofane større. og på 1900-talet vart to enorme byggprosjekt sett i verk fyr å ende den verste flaumfaren ein gong fyr alle, Zuidezeeprosjektet og Deltaprosjektet. Deltaprosjektet vart starta etter Nordsjøflaumen i 1953 og stod først ferdig i 2002.

To store elvar renn gjennom Nederland, Rhinen og Maas. Desse elvane forgreinar seg i Nederland og dannar eit sers komplisert system der dei forskjellige tvielvane renn i hop, forgreinar seg vidare og renn inn i kvarandre igjen. I tillegg er det bygd kanalar millom elvane. Waal er i dag den største greina av Rhinen, men tidlegare hev andre elvar hatt denna rolla. Det meste av vatnet renn mot dei sørvestlege områdi av Nederland, og her renn au dei to store greinene Westerschelde og Oosterschelde til elvi Schelde ut. Berre ei større grein av Rhinen, IJssel, renn nordover og ut i IJsselmeer.

                                     

2. Klima

Nederland er kjend fyr kanalane og vindmøllene sine, men landet er verken spesielt fuktig eller vindfullt. Det er hovudsakleg kystområdi sum hev noko vind å snakke um, og dei kann um vetteren få storm når lågtrykka går inn yver Nordsjøen. Dei indre områdi hev derimot lite vind, og i middel hev Utrecht mindre vind enn Paris. Vinden merkar ein likevel mest um vetteren når temperaturane ligg like yver frysepunktet. Den fuktige lufta gjer sitt til at det kjennest enno kaldare enn det er.

Nederland er flatt og hev ingen store fjellkjeder aust eller sør fyr seg, so landet er au utsett fyr den kalde Sibirlufta frå aust um vetteren. Desse kuldeperiodane kann vare fleire veker, og kanalane kann fryse til. Dei er derimot mest vanleg i nordaustlege delar av landet, mot grensa av Tyskland. Delar av Nederland ligg lågare enn havoverflata, og er berre verna av dika på kysten og i kanalane. Ved sers kraftig uvêr i Nordsjøen hev detta tidlegare ført til stormflod og store flaumkatastrofar, den siste var Nordsjøflaumen i 1953.

Nærleiken til Nordsjøen hindrar sum regel høge temperaturar um sommaren, men når den sørlege kontinentallufta strøymer nordover kann det verta varmt sjølv på kysten. Dei sørvestlege kystområdi fær sum regel mest nedbør um hausten, men dei våtaste områdi i Nederland er nasjonalparken Hage Veluwe sum hev 800-900 mm i året.

                                     

3. Historie

Under den tysk-romerske keisaren og spanske kongen Karl V var området ein del av Dei sytten nederlandske provinsane, der au størsteparten av dagens Belgia var med. Etter at åttiårskrigen hadde halde på ti år erklærte dei nordlege provinsane sjølvstende i 1579 og danna Utrecht-samveldet, sum la grunnlaget fyr det moderne landet Nederland. Filip II, sonen til Karl, hadde ikkje tenkt å la dei sleppa so lett, og Spania godkjende ikkje nederlandsk sjølvstende fyrr Filip IV gjorde detta i 1648.

Repuvertakken av dei sju sameinte Nederlanda voks til å verta ei av dei største maktene innan sjøfart og handel i det 17. hundreåret. Landet etablerte koloniar og handelsstasjonar yver heile verda i denna perioden, sum vert kalla den nederlandske gullalderen.

I nokre år var Nederlanda del av Napoleon sitt franske keisardøme, men i 1815 vart Kongeriket Nederlanda, sum inneheldt alle dei tre Benelux-landa, danna. Belgia gjorde opprør og fekk sjølvstende i 1830, medan Luxemburg trekte seg ut då Vilhelmina II vart dronning i 1890, på grunn av ulike tronarvelovar.

Nederland hadde fleire koloniar, sum Nederlandsk Ostindia, det moderne Indonesia, og Surinam. Innvandrarar frå desse landa hev sett sitt preg på landet, millom anna med etestader sum serverer mat frå heimlanda deira i dei fleste nederlandske byane.

                                     
  • Denne sida finst òg på høgnorsk - sjå  Hn Nederlendsk Nederlandsk nederlandsk: nederlands er eit vest - germansk, nedertysk språk. Omtrent 21 millionar
  • Hn er skrivne på høgnorsk. Denne sida skal finnast òg på gjeldande nynorsk rettskriving - sjå  Nederlandsk Nederlendsk nederlendsk: nederlands er
  • Cygnus i konvoiar frå Noreg til Storbritannia, mellom anna HN 8. I februar var ho i konvoi HN 15 for Manchester med stykkgodsogi mars var ho i konvoi ON
  • på situasjonen. Kem vart nemnt i februar 1940 då det deltok i konvoien HN 10 frå Noreg til London med stykkgods. Kjeldene er derimot ikkje heilt samde
  • konvoi med fersk fisk og post til Newcastle og kryssa Nordsjøen i konvoi HN 22. Dermed var skipet i Storbritannia då krigen braut ut i Noreg, og skipet
  • kryssa Corvus Nordsjøen i den første av mange konvoiar ho deltok i. Konvoi HN 7 gjekk ut frå Holmengrå og nådde fram til Methil 12. januar. 38 skip i alt
  • Heard og McDonald mq Martinique sl Sierra Leone edu Utdanning cm Kamerun hn Honduras mr Mauritania sm San Marino gov Styresmaktene i USA cn Kina

Users also searched:

hn/nederland, nederlandsk geografi. hn/nederland,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →