Back

★ Vilhelm Lyng

Vilhelm Lyng
                                     

★ Vilhelm Lyng

Georg Vilhelm Lyng var ein norsk professor i filosofi, fødd i Suldal, som særleg var påverka av tankar frå Nikolai Frederik Severin Grundtvig, Søren Kierkegaard og Georg Wilhelm Friedrich Hegel. Lyng arbeidde med og underviste i filosofifaget ved Universitetet i Kristiania frå 1858 til han døydde.

                                     

1. Liv og gjerning

Lyng var son til ein sokneprest. Fram til 17-årsalderen vart han førebudd universitets-studiane av faren. Han vart student i 1845 og tok i desember 1851 filologisk embetseksamen med laud. Lyng studerte under Marcus Jacob Monrad og vart som denne ein tilhengar av filosofien til tyskaren Hegel. I 1853 fekk Lyng Kronprinsens gullmedalje for sitt svar på ei universitets-oppgåve om Forskjellen mellom Platons og Aristoteless Psychologi. Frå 1852 til -55 var Lyng lærar og medstyrar av Heltbergs latinskule i Kristiania.

Lyng var frå 1858 universitetsstipendiat i filosofi, men budde og studerte i åra framover ofte lange periodar i København og Berlin. I 1867 vart han dr. philos. ved Universitetet i Kristiania gjennom avhandlinga Studier over Schellings Philosophi, der han la vekt på å vise samanhengen mellom det tidlege og det seine Schelling-ske system.

Frå februar 1869 var Lyng professor i filosofi og førelas sidan mykje om filosofihistorie, religionshistorie, naturfilosofi og antikk gresk filosofi, særleg over enkelte av Platons dialogar. I feriane reiste han ofte til Tyskland og Frankrike og fór frå universitet til universitet. Her lytta han til førelesningar og samtalte med professorar om filosofiske problem.

Påverknaden frå Grundtvig kjem tydeleg fram i dei religions-filosofiske verka Hedenskabets Levnetsløb frå 1866 og Grundtvigianismen og Skrifttheologien frå 1872. Lyngs hovudverk er likevel Grundtankernes System 1882-87, eit trebandsverk der han gav "ei noggrann utgreiing om den hegelske log."

                                     

1.1. Liv og gjerning Ymse

A.O. Vinje, som ikkje hadde mykje til overs for tysk romantisk filosofi, var til stades på den fyrste prøveførelesinga til Lyng i september 1867. I ein artikkel i bladet Vort Land av 8. september 1867 skriv han at "Eg sat so anløgd fristet til at læ den heile Tid, at eg var rædd for at vekkja Forargelse i den store Salen full af Folk. Eg kan ikki for det, men naar eg høyrer dette tysk-philosophiske Tatermaal framsagt med Aalvor og full Tru paa det, so hever det sama komiske Magt over meg som det beste Skjemtedigt".

                                     
  • Løchen var høgsterettsjustitiarius. Løchen byrja studere filosofi under Vilhelm Lyng på universitetet i Kristiania. I 1877 reiste han til Paris for å høyre
  • kontroll over delar av Nord - Italia, inkludert Verona og Venezia. 1871: Vilhelm I blei den første tyske keisaren. 1882: Asteroiden 221 Eos vart oppdaga
  • Agnar Mykle, Sangen om den røde rubin 1956 var Knut Hamsun, Redaktør Lynge 1893 Kaj Skagen, Himmelen vet ingenting 1988 Gudmund Vindland, Villskudd
                                     
  • romantikarar, og mellom anna skildra av målaren Francis Danby og vitja av keisar Vilhelm II av Tyskland. Dei blei seinare skildra også av norske kunstnarar. Dramatisk
  • og Einar Økland Amatøralbum, 1969 Forfattarar som Øystein Lønn, Mona Lyngar Liv Køltzow og Kjell Askildsen bidrog også med viktige prosaeksperiment
  • HåkonHåkon Kyllingmark 1963 - 08 - 2828. august 1963 1963 - 09 - 2525. september 1963 H Lyng H, Sp, V, KrF Harlem, GudmundGudmund Harlem 2. gong 1963 - 09 - 2525. september
  • Knutsen Gjørø Sølv Noreg 1918 Mathias Mathiassen Gjørø Sølv Noreg 1918 Vilhelm Mathiassen Gjørø Sølv Noreg 1918 Petter Mathiassen Gjørø Sølv Noreg 1918

Users also searched:

vilhelm lyng, religionshistorie. vilhelm lyng,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →