Back

★ Ludwig Kohl-Larsen

                                     

★ Ludwig Kohl-Larsen

Ludwig Kohl-Larsen var ein tysk lege, amatørantropolog og oppdagar.

I 1911 reiste han som skipslege med Wilhelm Filchner i Antarktis, men deltok ikkje i ekspedisjonen til Weddellhavet på grunn av blindtarmbetennelse. Ved Sør-Georgia klarte han å kurere seg sjølv og møtte kona si, dottera til Carl Anton Larsen, som grunnla Grytviken. Under den første verdskrigen var han statstilsett lege i Mikronesia. I 1928 vitja han Sør-Georgia med kona si og kameramannen Albert Benitz for å leie den første vitskaplege ekspedisjonen til øya.

I 1931 vart han medlem av Nazistpartiet og utførte, delvis på vegner av Deutsche Forschungsgemeinschaft, ekspedisjonar til Tysk Aust-Afrika på leit etter "det primitive mennesket". I 1934 oppdaga han Australopithecus afarensis ved Laetoli, utan å forstå kor viktig funnet hans var. Han samla òg inn folkeminne frå hadza- og isanzufolk.

Kohl-Larsen og kona Margit gjorde utgravingar ved Mumbagrotta der dei fann mange lekamar frå mellomsteinalderen. Han prøvde å bevise at alle menneske har same opphav, men at afrikanarane framleis var på eit primitivt stadium, medan den ariske rasen hadde utvikla seg vidare. Slik "lære" gjekk imot det meste av dei antropologiske teoriane på den tida i Afrika.

I 1939 vart Kohl-Larsen professor i etnologi ved Universitet i Tübingen. Han mista stillinga si under avnazifiseringa etter krigen, men arbeidde frå 1949 ved Instituttet for tidleg historie i Tübingen.

På grunn av involveringa hans i poltikken, i tillegg til den tvilsame læra hans, har ikkje Kohl-Larsen ei høg stjerne hos forskarar i Aust-Afrika i dag.

                                     
  • Sør - Georgia. Det vart oppdaga and først nedteikna på eit kart av Ludwig Kohl - Larsen på ekspedisjonen hans i 1929 - 30 og platået vart kartlagt og kalla
  • Neumayerbreen på Sør - Georgia. Fjella vart grovt kartlagd i 1928 - 29 av Ludwig Kohl - Larsen som gav dei namnet Wilckenskette etter Otto Wilckens frå Bonn Universitet
  • kjem av Hercules Bay som vart nytta av den tyske ekspedisjonen under Ludwig Kohl - Larsen 1928 29, men ser ut til å ha vore i bruk tidlegare av kvalfangarane
  • Zuckerspitzenbucht vart nytta for den nordvestlege av to bukter på same kysten av Ludwig Kohl - Larsen i 1930. South Georgia Survey, 1951 52, kartla kysten i detalj og stadfesta

Users also searched:

ludwig kohl-larsen, etnologi. ludwig kohl-larsen,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →