Back

★ Amsterdam

Amsterdam
                                     

★ Amsterdam

Amsterdam er den største byen og offisiell hovudstad i Nederland. Han er kalla opp etter elva Amstel, som renn gjennom byen. Byen er kjend for den historiske hamna, Rijksmuseum, og for red-light district, dei liberale kaffibarane som sel cannabis og dei mange kanalane som gjer at byen vert kalla "Nordens Venezia". Under den nederlandske gullalderen var Amsterdam ein av dei viktigaste hamnebyane i verda, var drivande innan utviklinga av handel og vart eit leiande senter for finans og diamantar.

Byenvart grunnlagd seint på 1100-talet som ein liten fiskelandsby og har vokse til å verte den største byen i Nederland med om lag 745 000 innbyggjarar. Storbyområdet har 1 til 1.5 millionar innbyggjarar, avhengig av kor ein set grensene, edan Randstad-området agglomerasjon av fleire store og mellomstore byar, som i alt har 6.5 millionar innbyggjarar.

                                     

1. Historie

Amsterdam vart grunnlagt på eit tidspunkt på 1200-talet då det fanst eit fiskarsamfunn på breddene åt elva Amstel. I 1204 oppførte Giesebrecht II, herre til Amstel, borga "t’Aemstel", og seinare anla son hans ein dam demning for å kunna lukke elva for vatn frå IJsselmeer. Dermed vart det laga ei naturleg hamn ved utløpet av elva Amstel.

Amstelledamme det gamle namnet på Amsterdam vart første gong omtala i 1275, då grev Floris IV av Holland gav byen visse privilegium. I 1296 kom byen, som herren av Amstel hadde hatt i len, direkte under greven av Holland. Den første forfatninga si fekk byen i år 1300, og i det følgjande århundret fekk Amsterdam utstrakte privilegium og voks særleg ved å bli ein tilfluktsstad for dei utviste kjøpmennene frå Brabant.

Byen tok ivrig del i handelen på Austersjøen. På Skånemarknaden var amsterdammarane dei mest framtredande mellom dei hollandske kjøpmennene. Som medlem av Hansaforbundet tok Amsterdam del i krigen mot Valdemar Atterdag. I 1482 vart byen erobra. På 1500-talet fekk byen eit nytt oppsving, ikkje minst ved den stadig aukande austersjøhandelen. Da den nederlandske fridomskrigen braut ut, heldt Amsterdam seg ei tid utanfor, først i 1578 slutta Amsterdam seg til opprøret. Då Antwerpen vart erobra av Spania og handelen der øydelagt, vart Amsterdam dermed kvitt den farlegaste konkurrenten sin, og på den tida byrja den eigentlege storheitstida for byen.

Mot slutten av 1500-talet vart byen ein fristad for jødar, som mellom anna flykta frå Den spanske inkvisisjonen. Dei grunnla ein omfattande diamanthandel som byen har halde på sidan. Mellom 1585 og 1595 vart folketalet i Amsterdam mesta dobla.

På 1600-talet var byen ein av verdas leiande finans- og sjøfartsbyar og sentrum for den nederlandske kolonimakta. I 1602 vart Det nederlandske austindiakompaniet oppretta, i 1621 Det vestindiske handelskompani, i 1622 hadde Amsterdam 100 000 innbyggjarar og var ein av dei største byane i Europa. Amsterdam gjorde kraftig motstand mot overgrepa frå stathaldarane. I 1650 prøvde prins Vilhelm II forgjeves å taka over byen, og likeleis var erobringstoget til Ludvig XIV av Frankrike i 1672 mislukka.

Ved midten av 1700-talet var Amsterdam den førande handelsstaden i Europa. I 1787 vart Amsterdam erobra av prøyssarane, i 1795 av Frankrike, og byen vart deretter gjort til hovudstad i Den bataviske republikken og frå 1808 i Kongeriket Holland. Då dette i 1810 vart lagt under det franske keisarriket, vart Amsterdam den tredje største byen der. Etter den vesentlege nedgangen i handel og folketal som napoleonstida medførte, vart det igjen ei sterk utvikling, og Amsterdam vart atter ein av verdas rikaste byar.

                                     

2. Folketalsutvikling

  • 1650: 140 000.
  • 1830: 202 400.
  • 1600: 60 000.
  • 1849: 224 000.
  • 1400: 3 000.
  • 1796: 200 600.
  • 1300: 1 000.
  • 1500: 12 000.
  • 1879: 317 000.
  • 1925: 714 200.
  • 1899: 510 900.
  • 1999: 727 100.
                                     
  • synagogen i Amsterdam oftast kalla Esnoga nederlandsk uttale: snoge ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam rett ved
  • Amsterdam lufthamn, Schiphol IATA: AMS, tidlegare SPL, ICAO: EHAM, nederlandsk Luchthaven Schiphol er hovudflyplassen i Nederland. Han ligg 18 kilometer
  • kalla Ajax Amsterdam eller AFC Ajax, er ein nederlandsk fotballklubb frå Amsterdam Klubben spelar sine heimekampar på Amsterdam ArenA i Amsterdam Ajax har
  • øys på Svalbard, sjå Amsterdamøya. Île Amsterdam Amsterdamøya også kalla Nouvelle Amsterdam Nye Amsterdam er ei fransk øy i Indiahavet. Øya er
  • Sjå òg Amsterdam fleirtyding Amsterdam er ein song av Jacques Brel. Han kombinerer eit mektig melankolsk crescendo med ei rik poetisk soge om sjømenn
  • Amsterdam kan visa til: Amsterdam hovudstaden i Nederland Amsterdamøya, øy ved Spitsbergen Amsterdam lufthamn, Schiphol, hovudflyplassen i Nederland
  • Sommar - OL 1928 vart halde i Amsterdam i Nederland frå 17. mai til 12. august med opningsseremoni 28. juli. USA vart beste nasjon og Noreg fekk 1 gull
  • åtte delegatar sendt frå kammeret i Amsterdam fire frå Zeeland, og ein frå kvart av dei mindre kammera. Amsterdam hadde derfor ei viktig røyst i rådet
  • ein innsjø, tidlegare ei bukt, i provinsen Noord - Holland i Nederland. Amsterdam ligg ved innsjøen. På nederlandsk består namnet av digrafen IJ, som vert
  • mai 1865 i Zonnemaire i Schouwen - Duiveland, Zeeland, død 9. oktober 1943 i Amsterdam var ein nederlandsk fysikar. Han var eleven til Hendrik Lorentz og arbeidde
  • 1969 for Top Gear. 17. september vart verket framført i Concertgebouw i Amsterdam eit show som er mykje piratkopiert fordi det vart sendt på radiostasjonen
                                     
  • Amstel er ei elv i Nederland som renn gjennom byen Amsterdam Amstel sitt namn kjem frå Aeme stelle, gammalnederlandsk for området med mykje vatn Elva
  • mars 2016 var ein nederlandsk fotballspelar og - trenar fødd i Amsterdam Han spela for Ajax Amsterdam FC Barcelona, Los Angeles Aztecs, Washington Diplomats
  • på lista i 15 veker. B - sida Amsterdam var ein coverversjon av ein Jacques Brel - song opphavleg kalla Port of Amsterdam og hadde vore spelt av Bowie
  • Chester Warrington Manchester Leeds Doncaster Immingham . Amsterdam Groningen Bremen Hamburg Lübeck Rostock Stralsund Sassnitz
  • André Antonius Maria Ooijer fødd 11. juli 1974 i Amsterdam er ein nederlandsk fotballspelar. Han spelar i forsvar for Ajax i nederlandsk Eredivisie
  • Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Rai Congrescentrum i Amsterdam i Nederland. Finalen fann stad laurdag 21. mars. Irland vann konkurransen
  • Nord kan visa til: Noord, by på Aruba Noord, bygd i Noord - Brabant Noord, nabolag i Rotterdam Amsterdam - Noord, bydel i Amsterdam Noord, elv i Nederland
  • som Philips, er eit multinasjonalt teknologiselskap med hovudkontor i Amsterdam i Nederland. Selskapet er delt i tre næringsfelt forbrukarelektronikk
  • Guno Babel fødd 19. desember 1986 i Amsterdam er ein nederlandsk fotballspelar som har spela for for Ajax Amsterdam på lån frå den tyrkiske klubben Galatasaray
  • sameinte Nederlanda. Byen ligg ved elva Spaarne, om lag 20 km vest for Amsterdam nær kystdynene. Han har vore det historiske tulipansenteret i fleire hundreår
  • Locatelli gjennom Europa og gav konsertar før han til slutt slo seg ned i Amsterdam i 1729. Locatelli skreiv hovudsakleg for fiolin: fiolinkonsertar, fiolinsonatar
  • Willem Cornelis Kieft, betre kjend som Wim Kieft fødd 12. november 1962 er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar frå Amsterdam
                                     
  • Bantzinger - Pearl, kjend som Jetty Paerl fødd Jetty Pearl, fødd 27. mai 1921 i Amsterdam død 22. august 2013 var ein nederlandsk songar. Ho representerte Nederland
  • fødd 1. april 1630 i Amsterdam død 21. august 1697 i Velsen var ein ambassadør i Frankrike, sheriff og borgarmeister i Amsterdam i 1696. I 1664 - 1665
  • i Nederland. Dei største storbyområda i Nederland er tal frå 2007 Amsterdam 1 022 487 innbyggjarar Rotterdam: 985 950 innbyggjarar Den Haag: 619 414
  • starta han karrieren sin for FC Groningen, og etter å ha spelt for Ajax Amsterdam PSV Eindhoven og FC Barcelona, avslutta han karrieren på Feyenoord Rotterdam
  • Pietersz Sweelinck fødd i mai 1562 i Deventer, død 16. oktober 1621 i Amsterdam var ein nederlandsk organist og komponist. Han var den eldste sonen til
  • Nederland frå Amsterdam til Nordsjøen ved IJmuiden, bygd mellom 1865 og 1876 slik at havgåande skip kunne nå hamna i Amsterdam Han endar ved Amsterdam i den
  • nederlandsk målarkunst, Jacob van Ruisdael var den andre. Hobbema var fødd i Amsterdam der han vart døypt 31. oktober 1638. Dei tidlege verka hans er påverka

Users also searched:

amsterdam, nederlandsk geografi. amsterdam,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →