Back

★ Edward Sapir

Edward Sapir
                                     

★ Edward Sapir

Edward Sapir, var ein amerikansk antropolog og lingvist og ein frontfigur i den amerikanske strukturalistiske lingvistikken. Han er ein av opphavspersonane til det som no blir kalla Sapir–Whorf-hypotesen. Sapir er ein av dei som har hatt størst innverknad på moderne nordamerikansk lingvistikk.

                                     

1. Liv og arbeid

Sapir vart fødd i 1884 i dåverande Lauenburg i Tyskland, no Lębork i Polen. I 1904 tok han eksamen ved Columbia University i germanistikk. Men den lingvistiske interessa hans viste seg snart å vere brei. I dei neste to åra begynte han med feltstudiar av språka wishram og takelma. Medan han var ved Columbia møtte han mentoren sin, antropologen Franz Boas, som truleg var den som inspirerte Sapir til å studere dei amerikanske indianarspråka. Boas hjelpte Sapir å gjennomføre ein studie av det på den tida nærast utdøydde språket yana i nordre California 1907–1908. Sapir vende tilbake i 1911 for ein kort periode å arbeide med Ishi, den siste overlevande einspråklege som snakka yahi sørleg yana.

I åra 1910 til 1925 bygde han opp og leidde den antropologiske avdelinga av Geological Survey of Canada i Ottawa. I denne svært produktive perioden laga han mellom anna ein omfattande serie verk om nootka og andre språk. I denne perioden vart også hans mest innflytingsrike verk publisert, Language 1921, ei avhandling som framleis spelar ei stor rolle i lingvistikken. Noko av det siste han gjorde ved Geological Survey of Canada var å skape høve for Leonard Bloomfield til å gjere feltstudiar av cree, noko som var avgjerande for Bloomberg sitt arbeid med den historiske rekonstruksjonen av algonkinspråka. Sapir underviste frå 1927 i germanistikk ved University of Chicago, eit av dei få forskingsuniversiteta i USA. Frå 1931 til han døydde var Sapir knytt til Yale University, der han leia den antropologiske avdelinga.

Sapir var ein av dei første til å forske på forholdet mellom språkstudiar og antropologi. Mellom studentane hans finn ein Fang-kuei Li, Benjamin Whorf, Mary Haas og Harry Hoijer, men den som gjerne blir sett på som hans intellektuelle arving var ein ung semittisist som formelt ikkje ein gong var ein av studentane hans, Zellig Harris.

Nokre forslag frå Sapir om korleis språket verkar inn på korleis menneska tenkjer vart plukka opp og vidareutvikla av Whorf då Whorf var vikar medan Sapir var sjuk. Frå 1940-talet vart dette kjent som Sapir–Whorf-hypotesen.

Sapir døydde av hjarteproblem 55 år gamal i 1939.

Sapir sitt hovudområde blant dei amerikanske språka var dei athabaskiske språka. Blant dei mange språka og kulturane som han studerte var wishram, navajo, nootka, paiute, takelma og yana særleg den sørlege varianten yahi. Sjølv om han er mest kjend for arbeidet sitt innan amerikansk lingvistikk, så arbeidde han også mykje med allmenn lingvistikk, til dømes i boka Language. I detta verket tar han for seg alt mogleg frå typologiske inndelingar av språk med eksempel frå kinesisk til nootka til hypotesar om language drift og høvet mellom språk, rase og kultur.

                                     

2. Bibliografi

  • Sapir, Edward. 1921. Language: An introduction to the study of speech. ISBN 0-15-648233-9 alternativ länk.
  • Sapir, Edward. 1916. Time Perspective in Aboriginal American Culture: A Study in Method. Canada Department of Mines, Geological Survey, Memoir 90. Anthropological Series, No. 13.
  • Bright, William red. 1990. The Collected Works of Edward Sapir. Berlin: Mouton de Gruyter.
  • Sapir, Edward. 1911. The problem of noun incorporation in American languages i Am. Anthropol. 13:250-82.
  • Sapir, Edward. 1925. The Function of an International Auxiliary Language.
  • Sapir, Edward. 1939. Nootka Texts.
  • Sapir, Edward. 1909. Wishram Texts.
                                     

3. Bakgrunnsstoff

Engelskspråklege:

  • National Academy of Sciences biography.
  • Edward Sapir: Linguist, Anthropologist, Humanist. Regna Darnell. Berkeley and Los Angeles: University of California Press, 1990.
  • Edward Sapir: Appraisals of His Life and Work. Red. Konrad Koerner. Philadelphia: John Benjamins, 1984.
                                     
  • Sapir - Whorf - hypotesen, namngjeven etter antropologen Edward Sapir og studenten hans Benjamin Whorf, er den omdiskuterte lingvistiske hypotesen om at det
  • samarbeid med Edward Sapir utforma han ein hypotese om styringa til språkstrukturen av tenkinga kalla lingvistisk relativisme, eller Sapir - Whorf - hypotesen
  • og dei algonkinske språket blei påvist av den amerikanske lingvisten Edward Sapir Den algiske språkfamilien har tre hovudgreiner: 1. Wiyot 2. Yurok
  • Dei fremste namna i nordamerikansk strukturalistisk fonologi er Edward Sapir 1884 1939 Leonard Bloomfield 1887 1949 W. Freeman Twaddell 1906 1982
  • 0 - 521 - 29875 - X. Sapir Edward 1913. Wiyot and Yurok, Algonkin languages of California. American Anthropologist, 15, 617 - 646. Sapir Edward 1915 a. Algonkin
  • Banning, California. Edward Sapir 1930. Southern Paiute, a Shoshonean Language. Reprinted in 1992 in: The Collected Works of Edward Sapir X, Southern Paiute
                                     
  • Ny - Guinea enn elles, men einskilde døme er å finna på andre stadar. Edward Sapir førde umgripet inn i måltypologien då han nytta det som eit av sine typologiske
  • haida, tlingit, eyak og dei atabaskiske språka. Denne gruppa vart av Edward Sapir i 1915 kalla na - dené - språk. Joseph Greenberg tok dei i 1987 med i boka
  • tilnærminga deira til fonologien er prega av dette. Sapir og Hockett var både lingvistar og antropologar. Edward Sapir demonstrerer i artikkelen Sound patterns
  • William Butler Yeats, irsk forfattar og nobelprisvinnar 4. februar: Edward Sapir USA - amerikansk språkforskar 10. februar: Pave Pius XI 2. mars: Howard
  • Saussure, som er grunnleggjaren av moderne strukturell lingvistikk Edward Sapir som var ein av dei første som forfølgde relasjonane mellom språk og
  • in linguistics Vol. 10 Berkeley: University of California Press. Sapir Edward 1929 Central and North American languages. In The encyclopædia britannica:

Users also searched:

edward sapir, etnologi. edward sapir,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →