Back

★ Never

Never
                                     

★ Never

Never eller bjørkenever er nemninga på den ytste delen av borken på bjørketre. Never er vasstett og rotnar svært seint. Det har vore brukt som materiale til taktekking, ilåt som korger og skrepper og gjenstandar som lurar, skor, borkepapir og kanoar. Det kan også brukast til å laga nevertjøre, som ein har brukt til å mjukna lêr.

Anatomisk er never eit korklag av daude celler. Han kan takast av den eigentlege borken som ligg innanfor. Never kan også delast i tynne lag mellom lyse, tynnvegga celler og mørke, tjukkvegga celler.

                                     

1. Neverflekking

Bjørk veks på store delar av den nordlege halvkula, og nevra lèt seg lett flekke flette, løype av til rett årstid.

I Noreg var tida før og omkring jonsok mange stader sett på som den beste, avhengig av lokalt klima og høgd over havet. Folk i Setesdal meinte at nevra lausna lettast etter ein kald vinter. Flekking måtte vente til lauvet var utvakse, men deretter hadde ein 4-5 veker med gode tilhøve før sevja tørka så mykje at nevra vart vanskeleg å lausne. I mange fjellbygder kan never flekke heilt til midten av august. Flekkinga skjedde helst til fjells i setertrakter, fordi den beste nevra var å finne der beitande dyr hadde gnege av kvistar og skot medan trea var unge.

Never vert teke frå tre med diameter frå 8 til 30 cm, mest mogleg rettvaksne, glatte og fri for kvistar og sår. Med ein skarp kniv skjer ein eit loddrett snitt, men ikkje så djupt at kniven går gjennom bastlaget innanfor og inn i veden. Eggen vert litt sett på skrå, og neverflaket forsiktig vippa laus frå bastet, slik at ein får tak og kan trekkje det heilt av. Ein eigen reiskap, løypeskeia, har vore brukt til å lausne nevra. Viss stammen er litt krumvaksen, må snittet gjerast på ryggen eller "krylen" den konvekse sida. Då kan flaket brukast, sjølv om det får ei dobbeltkrum flate. Flaka vert så breie som snittlengda og så lange som omkrinsen på stammen. Til taktekking kan alle storleik brukast, frå nesten meterlange flak til små lappar på storleik med ei handflate, men idealet er jamstore flak med både breidd og lengd frå 30 til 50 cm

Parti mellom større greiner kan utnyttast viss avstanden er lang nok til å gje ei brukbar breidd på neverflaket. Elles gjer småkvistar og sår liten skade om ein legg snittet tett inntil. Då vil ein berre få eit hòl i kanten. Hòl eller rifter midt på flaket må ein derimot unngå. Viss flaket viser tendens til å sprekke, er det like godt å dela det i to med det same.

Treet tek ingen skade av inngrepet viss bastlaget får vere i fred, men veksten kan hemmast. Treet vil også få eit arr av nydanna svart bork som vernar sårflata. Etter 7-8 år kan òg denne nye nevra flekkast av. Ho er tjukkare og stivare enn førstegangsproduktet. I Setesdal brukte ein slik kartnever til dei mest utsette delane av taket, mellom anna som berelag for den utstikkande neverkanten på gavlen.

Berre få timar etter flekkinga vil neverflaket rette seg ut og byrje å krumme seg motsett av retninga det hadde på trestammen. Snart vil det krølle seg saman til ein tett og uhandterleg rull med "innsida" ut. Han er vanskeleg å rette ut etterpå, utan hjelp av damp eller av kokande vatn. Nyflekka never vert difor, så snart han har retta seg ut, lødd i stabel lad og lagt til tørk under press. Flaka vert lagt på eit plant underlag av bord, kvart lag med fiberretninga på tvers av føregåande lag. Skurkantene på tvers av fiberretninga, altså på langs av trestammen må trekkje litt inn for å motverke tendensen til krølling, som er særleg sterk her. Rivekanten i fiberretninga og på tvers av trestammen kan leggjast heilt ut til ytterkant av stabelen. I Setesdal hadde ein slik takkost vanlegvis ei flate på 60 cm x 80 cm og ei høgd på 25 cm Denne mengda svarte til ei lest eller ei vanleg bør. Øvst vart det lagt ein lem som vart tyngt ned med stein.

Tidlegare vart bjørkeskog hardare utnytta ved hogst og beiting. Men mange bønder hadde nok bjørk til eige bruk og kunne halde seg med eit "nevra-lad" som låg klårt til neste tekkedugnad. Andre, særleg ytst langs kysten, måtte kjøpe never. Det var ein vanleg handelsvare som vart eksportert sjøvegen frå skogrike fjordbygder. I Bergen og Trondheim vart never selt på marknadene. Frå omkring 1880 kom òg russenever frå Russland på marknaden, formidla gjennom pomorhandelen. Never vart pakka i ball og selt i kippe, vetter eller oftast vågar = 2 kippe. Ein våg 18 kg kosta rundt ½ speciedaler eller 2 kroner, varierande etter kvalitet og tilbod.

                                     

2. Never til ilåt

Never kan lett formast til ulike ilåt, som stivnar til ei viss form med tida. I Nord-Europa har ein særleg laga bytter, korger, kogger, øskjer og skrepper, siste blir kalla kont når dei er laga av neverstrimlar. I Finland og Russland har never også vore brukt til å laga fiskereiskapar, til dømes søkke, og handtak, til dømes på knivar.

I Nord-Amerika brukte ein never til å laga ei rekkje nyttegjenstandar i tillegg til boksar, som faklar, tallerkar og vifter.

                                     

3. Never til skrift og bilete

Never blei brukt til å skrive på i Gandhara i Asia, dei eldste buddhistiske tekstane me kjenner frå om lag første hundreåret f.Kr. I Russland brukte austslavarar never til brev, dokument og tidtrøyte frå 1000- til 1400-talet. Dei skreiv med noko hardt, som pinnar av bein, bronse men som regel jern. Dei fleste tekstane er skrivne på austslaviske dialektar, men eitt er på norrønt og eitt den eldste teksten me kjenner frå karelsk. Bruk av never som skrive- og teiknemateriale har halde fram til moderne tid.

Nordamerikanske urfolk har brukt never til kunst og kunnskap. Ojibwefolk brukte neverrullar med ideogram til seremoniar og til å ta vare på historie og annan kunnskap. Fleire algonkinske folk laga mønster i never gjennom å bita merke i det. Dette kunne brukast som ferdig kunstverk, eller dekorerast vidare med perler eller piggar frå holepiggsvin.

                                     

4. Klede og utstyr

Ein har også laga klede av never. Frå Norden er neversko kjend. Det er blitt laga hattar av never både i Nord-Amerika og Nord- og Sentral-Europa.

Nordamerikanske urfolk laga kanoar av never. Desse har gjeve form til moderne kanoar av plast.

                                     

5. Never til bustader

I Nord-Amerika var never brukt til wigwamar av fleire algonkinske folk. Ein laga dei ved å legga neverflak i taksteinlag over stokkar, frå botnen og opp. I dårleg vêr kunne ein dekka røykholet i taket med eit eige neverdekke.

Never har også vore mykje brukt til taktekking i Norden. Det er varig, vasstett, motstandsdyktig og tilgjengeleg i store delar av landa her. Men etter at det er flekka av bjørkestammen, vil eit neverflak snart krølle seg den motsette vegen. Sidan det var umogleg å spikre begge kantar av neverflaket fast til underlaget, måtte det finnast andre måtar for å tvinge det til å liggje fast og flatt. Både trevirke, stein og torv har vore brukt til dette. I Noreg var torvtak vanlegast, ettersom torv finst overalt og isolerer rimeleg godt mot både kulde og varme. I Finland var det derimot vanlegare å bruka stokkar til å halda nevra på plass.

I Noreg var never ein heilt naudsynt føresetnad for få vasstette torvtak. Medan torva er den mest synlege delen av taket, var never det aktive, vasstettende laget i tekkinga. Det vitnar om tydinga til nevra at orda ’tak’ tyder nevar på setesdalsdialekt, medan det som i riksspråket vert kalla tak, heiter ’toke’ i Setesdal. Eit tak med nevar og torv vert kalla der ’taktoke’ eller ’rett tak’, til skilnad frå andre tekkemåtar.

                                     

6. Bakgrunnsstoff

  • Døme på amerikansk neverhatt.
  • Korleis laga neverhandtak til kniv engelsk med biletdøme.

Litteratur

  • Halse, Leif 1992, Vangsgutane - Til skogs på never-løyping, Oslo: Fonna forlag. 13-15. Illustrasjonar av Jens R. Nilssen.
  • Hjelmeland, Britt-Alise 1993, Husbygging langs kyst og fjord 1850-1950, Oslo: Magistergradsavhandling i etnologi, UiO. 100-113.
  • Uppstad, Torjus 1990, Taktekkjing med never og torv, Valle i Setesdal: Valle Laftebygg.
                                     
  • The Torchum Never Stops og hovudpersonen på det albumet er The Evil Prince, som ein referanse til denne songen. The Torture Never Stops vart spelt
  • Secret CD - singel Never Too Late 3: 27 Never Too Late Extended Mix 6: 11 Kylie s Smiley Mix Extended Mix 6: 17 7 singel Never Too Late 3: 27
  • You ll Never Never Know er ein song av The Platters som vart gjeven ut på singel i 1956. Songen nådde 11. plassen på Billboard Pop Singles - lista i USA
  • laga ein video for Never Before 1972, den einaste Deep Purple laga i 1970 - åra. For singelen vart songen korta ned til 3: 30. Never Before har sjeldan
  • Never Enough er ein singel av Emin feat. Molly McQueen, gjeven ut på albumet After The Thunder. Songen er skriven av Ben Adams og Mark Read. Never Enough
  • Rebel Never Gets Old er ein mash - up av songane Rebel Rebel og Never Get Old der dei to songane er miksa inn i kvarandre, produsert av Mark Vidler
  • vald: Rust Never Sleeps fortel meg meir om livet mitt, landet mitt og rock and roll enn noko musikk eg har høyrt på mange år. Rust Never Sleeps vart
  • Someday Never Comes er ein song av Creedence Clearwater Revival frå albumet deira Mardi Gras gjeve ut i 1972 og skriven av frontmannen John Fogerty
  • I ll Never Let You Go Little Darlin er ein song av Jimmy Wakely, gjeven ut av Elvis Presley på debutalbumet hans i 1956. Songen vart òg gjeven ut
  • Now or Never på nederlandsk Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien hitparade.ch. Henta 31. oktober 2016. Elvis Presley - It s Now or Never Charts
  • Koordinatar: 32 7 56.28 N 34 55 28.2 E Neve Yarak hebraisk skrift נ ו ה י ר ק, tyder Drivhusheimen er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Hod
  • The Lake House 2006 Promo - CD DPRO - 49684 - 2 This Never Happened Before edit 2 - 3: 13 This Never Happened Before albumversjon - 3: 23 I følgje plateomslaget
                                     
  • Never a Time er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1991 på albumet We Can t Dance. Han var den femte singelen frå albumet og vart opphavleg
  • Some Things Never Change er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i mars 1997. Some Things Never Change representerte
  • Never Let Me Down er tittelsporet frå David Bowie - albumet Never Let Me Down. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i august 1987 og
  • Uma Thurman deltok. Emmylou Harris si innspeling av You Never Can Tell heiter You Never Can Tell C est La Vie og var den første singelen frå albumet
  • Neva russisk Нева er ei elv nordvest i Russland, som renn frå innsjøen Ladoga gjennom vestlege delar av Leningrad oblast og byen St. Petersburg til
  • Koordinatar: 32 44 39.52 N 35 32 20.18 E Poria Neve Oved hebraisk פ ו ר י ה - נ ו ה עו ב ד, tyder Poria - Arbeidsheim er eit felleskap nord i Israel
  • Welcome Back, My Friends, to the Show That Never Ends Ladies and Gentlemen er det andre konsertalbum til det engelske progressiv rock - bandet Emerson
  • Never Forget tidlegare Mundu eftir mér var det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2012, framført på engelsk av Gréta Salóme og Jónsi.
  • Vittel lenge før Reality kom ut. Never Get Old Radio edit - 3: 39 Love Missile F1 - 11 Sigue Sigue Sputnik - 4: 14 Never Get Old Edit - 3: 40 Waterloo
  • I Never Cry er ein rockeballade av Alice Cooper. Han vart opphavleg gjeven ut på Alice Cooper Goes to Hell i 1976. Songen var skriven av Cooper og Dick
                                     
  • What Is and What Should Never Be er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå Led Zeppelin II frå 1969. Han vart skriven av Jimmy Page og
  • Never Let Me Down er eit album av David Bowie, som kom ut i april 1987. Det vart skriven over ein periode på tre månader og spelt inn i Sveits, . Då albumet
  • parodi av songen kalla Never Been to Spain Yet i 2007 for konsertalbumet Chosen Ones. Denne artikkelen bygger på Never Been to Spain frå Wikipedia
  • Never Too Late er det 14. studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo, produsert av gruppa og John Eden. Albumet kom ut 13. mars 1981, og vart
  • Always Never the Same er det 13. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1998. Dette albumet består hovudsakleg av nyinnspelingar
  • 1603 Neva er ein hovudbelteasteroide. Han blei oppdaga den 4. november 1926 av Grigoriy N. Neujmin ifrå Krim - observatoriumet i Simeiz på Krimhalvøya. 1603
  • You ll Never Walk Alone er ein musikalsong frå 1945 frå Rodgers and Hammerstein - musikalen Carousel. I andre akt av musikalen syng Nettie Fowler, syskenbarnet
  • Never a Dull Moment er det fjerde studioalbumet til den britiske rockesongaren Rod Stewart. Albumet kom ut sommaren 1972 og låg to veker på toppen av

Users also searched:

never, etnologi. never,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →