Back

★ Surinam

Surinam
                                     

★ Surinam

Surinam, offisielt Republikken Surinam, er eit land heilt nord i Sør-Amerika med kyst mot Atlanterhavet i nord og grensar til Guyana i vest, Brasil i sør og Fransk Guyana i aust. Landet var tidlegare nederlandsk koloni, men blei ein sjølvstendig stat i 1975. Surinam er medlem av CARICOM og blir kulturelt rekna som eit karibisk land, det har sterke kulturelle og økonomiske band til andre karibiske nasjonar.

                                     

1. Namn

Namnet "Surinam" er truleg avleidd av tainostammen "surinen" som budde i området då europearar kom til området. Engelske busetjarar som grunnla den første kolonien i landet, ved Marshalls Creek ved Surinam-elva, kalla han Surinam. Saman med fleire koloniar utgjorde han Nederlandsk Guiana. Etterkvart som Nederland mista andre koloniar blei Surinam den einaste delen av Nederlandsk Guiana. På nederlandsk blir namnet skrive Suriname og uttalt ˌsyriˈnaːmə.

                                     

2. Geografi

Surinam er det minste sjølvstendige landet i Sør-Amerika. Landet ligg nær ekvator. Det kan grovdelast i to område. Den nordre, kystnære delen er fruktbart lågland, og det her dei fleste innbyggjarane i Surinam bur. Den sørlege delen, som mellom anna omfattar Guyanahøglandet, består dels av savanne og dels av tett tropisk regnskog. Landet er gjennomvove av elver som ofte er farbare i nedre løp.

Landet ligg på Guyana-plata, og det høgaste punktet er Julianatop 1 286 moh. i Wilhelmina Gebergte. Dette fjellområdet blei danna i prekambrisk tid, låglandet mot nord i tertiær tid og kystområda, der ein finn mangrovar, sumpmark og sandstrender, er yngre.

Nordaust i landet ligg Professor Doctor Engineer W.J. van Blommestein Meer, ein stor innsjø som blei laga i 1964 då det blei bygd ein demning her.

                                     

2.1. Geografi Klima

Klimaet i Surinam er fuktig, tropisk med ein jamn temperatur 27 °C året rundt og ein årsnedbør på 1500–2000 mm, minst i sørvest. atlanterhavskysten av Surinam er stort sett påverka av den fuktige og nordaustlege passatvinden. To gonger i året passerer den intertropiske konvergenssona med skyer og regn i heile området. Første passasjen er frå mai til juli og den andre frå november til januar. Låglandet har eit typisk varmt, vått og tropisk klima med om lag like mange våte dagar som tørre dagar. Om natta er det særleg lummert og trykkande, men om dagen har ein i kystområda ofte ein sjøbris som gjev litt friskare forhold.

Det høgare platået i indre strøk har litt mindre nedbør, og som regel ei våtare tid som varer frå april til september. Alle månadane får likevel ein del regn. Dagtemperaturane er litt lågare enn på kysten og nattetemperaturane er mykje lågare, så klimaet her er mindre ubehageleg.

                                     

3. Historie

Surinam var opphavleg folkesett av arawakar og karibar. Området blei først sett av europearar i 1498 under ein ekspedisjon leia av Christofer Columbus. I 1593 kom området offisielt under spansk herredøme, utan at Spania oppretta koloniar der. Frå og med 1616 oppretta nederlendarar ei rekkje handelsstasjonar langs kysten. Surinam blei ein nederlandsk koloni i 1668. Kolonien fekk indre sjølvstyre i 1954, og fullt sjølvstende 25. november 1975. Den tidlegare guvernøren, Johan Ferrier, blei den første presidenten i landet. Dési Bouterse tok makta ved eit militærkupp i 1980. I desember det året blei 15 framståande kritikarar av regimet bortført og avretta i dei såkalla desemberdrapa. Dette som førte til at Nederland stoppa all økonomisk hjelp til Surinam. Trass i undertrykking og sensur blei Surinam ein fleirpartistat i 1985, og ein byrja arbeid med a skriva ein ny grunnlov.

I 1986 braut det ut borgarkrig mellom regjeringa og ei geriljagruppe knytt til folkegruppa marrons etterkomarar av rømde slavar og urfolk. 29. november 1986 fann Moiwana-massakren stad der 39 sivile blei drepne.

I 1987 kom den nye grunnloven til Surinam og det blei halde val i landet. Dési Bouterse og partiet hans Nationale Democratische Partij heldt på makta. I 1990 avsette Bouterse den dåverande presidenten, Ramsewak Shankar, i nok eit kupp. I 1991 blei det halde eit nytt val og landet blei meir demokratisk. I 1992 blei det skrive under ein fredsavtale med geriljastyrkane Junglecommando.

Landet blei råka av flaum i 2006 etter store nedbørsmengder. Rundt 20 000 blei heimlause. Dette året blei det gjeve ei offisiell orsaking for massakren i Moiwana.

I 2010 blei Bouterse vald til ny president som leiar for koalisjonen Megacombinatie. I mars 2012, under den pågåande rettssaka rundt desemberdrapa der Bouterse var hovudmistenkt, vedtok parlamentet å gje amnesti for drapa, Det kontroversielle vedtaket førte til at Nederland stoppa fleire pengeoverføringar til landet og sende heim ambassadøren.

                                     

4. Folkesetnad

Ifølgje utrekningar gjort av SN hadde Surinam i 2018 ein folkesetnad på 568 301 innbyggjarar. Folkesetnaden i landet var i 2018 fordelt på desse folkegruppene:

  • Amerikanske urolk 2 %.
  • Kreolar europeisk-afrikanske 30 %.
  • Kinesarar 2 % på 1800-talet emigrerte ein del indarar, javanesarar og kinesarar til Surinam.
  • Europearar 2 %.
  • Afrikanarar 10 % det blei innført afrikanske slavar til Surinam på 1600-talet og 1700-talet, og fleire av desse rømde inn i landet og danna eigne samfunn.
  • Javanesarar 15 %.
  • Indarar 37 %.
  • Andre folkegrupper 2 %.
                                     

5. Politikk og administrasjon

Surinam er eit demokrati som byggjer ein grunnlov frå 1987. Den lovgjevande styresmakta er Nasjonalforsamlinga, som har 51 medlemmar. Desse blir valde kvart femte år.

Nasjonalforsamlinga vel leiar for den utøvande styresmakta, presidenten, ved at det blir vald ut ein kandidat som har ⅔ fleirtal. Om nasjonalforsamlinga ikkje kjem fram til ein kandidat med slikt fleirtal, blir presidenten vald av Folkeforsamlinga – som i tillegg til dei 51 medlemmane av Nasjonalforsamlingea består Folkeforsamlinga av 289 regionale representantar.

Surinam er eit fullt og deltakande medlem i CARICOM Karibisk fellesskap og fellesmarknad.

Administrativ inndeling

Surinam er delt inn ti distrikt:

  • Wanica.
  • Para.
  • Sipaliwini.
  • Brokopondo.
  • Commewijne.
  • Coronie.
  • Nickerie.
  • Saramacca.
  • Paramaribo.
  • Marowijne.
                                     

6. Næringsliv

Økonomien til Surinam er dominert av bauksitt-industrien, som utgjer meir enn 15 prosent av BNP i landet, og nesten 70 prosent av eksportinntektene. Den nest viktigaste eksportvara er sukker. Surinam har også nokre olje- og gullreservar. Omtrent ein fjerdedel av folkesetnaden i landet jobbar i jordbrukssektoren. Økonomien til Surinam er svært avhengig av handel med andre land, særleg Nederland, USA og dei karibiske landa.

                                     

7. Kultur

To stadar i Surinam er med på verdsarvlista til UNESCO: Sentrale Surinams naturreservat blei oppført på lista i 2000, og består blant anna av 1.6 millionar hektar tropisk regnskog. I 2002 blei også den gamle, indre busetnaden i hovudstaden Paramaribo oppført på lista.

                                     
  • Paramaribo er hovudstaden i Surinam i Sør - Amerika. Han har rundt 250 000 innbyggjarar. Det historiske sentrumet av byen er ført opp på UNESCO si liste
  • Edson René Braafheid fødd 8. april 1983 i Paramaribo i Surinam er ein surinamsk - nederlandsk fotballspelar som har spela for S.S. Lazio i tysk Bundesliga
  • austindiakompaniet VOC byrja sjå etter nederlandske handelsinteresser i Indiahavet. Surinam som tidlegare heitte Nederlandsk Guyana, blei nederlandsk koloni i 1667
  • ligg på nordkysten av Sør - Amerika. Fransk Guyana grensar til Brasil og Surinam og blei før kalla Cayenne. Fransk Guyana har ca. 280 000 innbyggjarar.
  • Opphavleg var arawak namnet på ei mektig folkegruppe som levde i Guyana og Surinam Desse folka blei allierte med spanjolane fordi dei tradisjonelt var fiendar
  • Surinam og Venezuela. Med ein flatevidd på 215 000 km² er Guyana det tredje minste landet på det søramerikanske fastlandet etter Uruguay og Surinam
  • Orinoco - elva aust i dagens Colombia og i Venezuela, men også vidare austover i Surinam Guyana og Fransk Guyana. Folkegruppa spreidde seg ut på Dei karibiske
  • resonanskassar Maracas frå Surinam laga av kalebass. Dekorert kalebass laga av songyefolk frå Kongo. Utskoren bolle laga av maroonar frå Surinam Dekorert skål laga
  • ulike land Brasil, Colombia, Peru, Venezuela, Ecuador, Bolivia, Guyana, Surinam og Fransk Guyana og har gjeve namn til delstatar eller provinsar i fire
  • folkerikaste landet i Sør - Amerika. Chile Colombia Ecuador Guyana Paraguay Peru Surinam Uruguay Venezuela Fransk Guyana Frankrike Falklandsøyane Storbritannia
  • Guyana kan visa til: Landet Guyana, tidlegare Britisk Guiana Fransk Guyana, eit fransk oversjøisk departement Landet Surinam tidlegare Nederlandsk Guiana
                                     
  • reserver Guinea 23 Australia 21 Vietnam 14 Brasil 7 Jamaica 7 Surinam 2 Materialet har fått namnet sitt etter byen Les Baux de Provence som
  • april 1976 er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar fødd i Paramaribo i Surinam Han vann meisterligaen med Ajax i 1995 og Real Madrid i 1998. Midtbanespelaren
  • folkegrupper danna av rømde slavar og etterkomarane deira i Amerika, særleg i Surinam Fransk Guyana og Jamaica, som skipa frie samfunn i urørte delar av landa
  • òg god for å støypa lys eller vaska klede. Katarina av Alexandria 1976: Surinam fekk sjølvstende. 1992: Den tsjekkoslovakiske nasjonalforsamlinga vedtok
  • land: Nederland, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Fram til 1975 var òg Surinam ein del av kongeriket og frå 1954 til 2010 Dei nederlandske Antillane.
  • er ein delstat lengst nord i Brasil, som grensar mot Fransk Guyana og Surinam I aust ligg Atlanterhavet, og i sør og vest går grensa mot delstaten Pará
  • Akan blei også spreidd til Amerika gjennom slavehandelen. I land som Surinam og Jamaica finn ein spor etter språket i namn og folkeeventyr. Ethnologue - tal
  • eigne ord enn ved bøyingsformer. Kreolspråk er særleg utbreidd i Karibia, Surinam Guyana, Vest - Afrika og Papua Ny - Guinea, og dei har vanlegvis eit sterkt
  • øygruppene som ligg der. Politisk reknar ein også fastlandsområda Guyana, Surinam fransk Guyana og Belize med til området. Historiske namn knytte til området
  • javanesisk, som blir snakka av etterkomarar til utvandra javanesarar i Surinam og kaledonsk javanesisk, som blir snakka på Ny - Caledonia. Desse variantane
                                     
  • sør - Amerika, med nokså lik uttale på namnet er: Guyana, eit sjølvstendig land Fransk Guyana, ein fransk koloni Surinam blei tidlegare kalla Nederlandsk Guyana
  • nordaustre Sør - Amerika som strekkjer seg over det meste av statane Guyana, Surinam Fransk Guyana, ein stor del Venezuela og litt av Colombia og Brasil. Sjå
  • internasjonale fotballforbundet. Tre søramerikanske fotballforbund frå Guyana, Surinam og Fransk Guiana er også medlemmer av CONCACAF til tross for at dei med
  • Montserrat og Antigua i Vestindia, og dei nederlandske koloniutpostane Surinam Berbice og Essequibo i Sør - Amerika. Han gjekk så vidare og raida nederlandske
  • kysten av Sør - Amerika. Høglandet i Guyanas dekkjer det meste av Guyana, Surinam og Fransk Guyana og delar av Colombia, Venezuela og Brasil. På skjoldet
  • Sadri 1 965 000 talarar Sarnami - hindustani 150 000 talarar Tala i Surinam Suradjpuri 273 000 talarar Vadjika 500 000 talarar Wikipedia på bihari
  • budd i Nederland sidan 2014 og har hovudpublikummet sitt i Nederland, Surinam og etter kvart òg i Belgia, Frankrike og Tyskland. Macrooy skulle ha representert
  • fødd 5. oktober 1964 er ein tidlegare mellomdistanseløpar frå Paramaribo i Surinam Ho spesialiserte seg på 800 meter og vann sølv på distansen under verdsmeisterskapen
  • 1. mai 1974 Bahamas 4. juli 1983, ikkje medlem av fellesmarknaden Surinam 4. juli 1995 Haiti 3. juli 2002, provisorisk medlemskap sidan 4. juli

Users also searched:

surinam, nederlandsk geografi. surinam,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →