Back

★ Venezuela

Venezuela
                                     

★ Venezuela

Venezuela, offisielt Den bolivarianske republikken Venezuela, er ein republikk i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia, Brasil og Guyana. Utanfor den venezuelanske kysten finn ein òg øyane Aruba, Dei nederlandske Antillane og Trinidad og Tobago.

                                     

1. Geografi

Venezuela har mange ulike landskapstypar. I nordvest og langs den karibiske kysten i nord ligg ei forlenging av Andesfjella, der det høgaste punktet er Pico Bolivar, som ragar 5 007 m over havnivå. I nordvest finst òg lågsletter rundt Maracaibo-sjøen og attmed Venezuelagolfen. Midt i landet ligg store sletteområde kjende som llanos. Dei strekkjer seg frå grensa mot Colombia til Orinoco-deltaet. Sør i landet ligg dei forrivne Guiana-høgslettene, med fleire tepuiar. Frå ein av desse tepuiane fell Angelfossen, som er verdas høgaste foss.

Caracas er hovudstad og den største byen i landet. Andre store byar er Maracaibo, Barquisimeto, Valencia, Maracay og Guayana by.

Administrativ inndeling

Venezuela er delt inn i 9 regionar med til saman 23 delstatar estados, eitt hovudstadsdistrikt Distrito Capital og eitt føderalt område Dependencia Federal:

                                     

2. Klima

Venezuela er klimatisk sett eit uvanleg land i Sør-Amerika fordi april til oktober er tida på året det kjem mest regn. I vest av landet har ein noko som kan likne ei dobbel regntid, som i Colombia. Det nordlege låglandet, særleg mot vest har overraskande tørt klima til å vere eit tropisk område. Ein meiner at dette kjem av retninga på kystlinja i forhold til den nordaustlege passatvinden.

Andesfjella i Venezuela er lågare og smalare enn i Colombia, Peru og Bolivia, men ein har fleire toppar som stig over 4500 m som har snø året rundt. Ein har mange lokale variasjonar i vêret og klimaet som følgje av høgda, og ein har tre lokale klimasoner her kalla tierra caliente, tierra templada og tierra fria. Dei nordlege fjellsidene har stort sett mindre regn enn den sørlege sida. Caracas som ligg på rundt 1000 m over havet har klimatypen tierra templada, men er relativt tørr. Den årlege nedbørsmengda i fjella er vanlegvis over 1000 mm, men er mindre i enkelte verna dalar og på nordsida av fjella. På kysten aukar regnmengda frå svært låge mengder nær Maracaibosjøen til rundt 1000 mm i aust. Låglandet rundt Maracaibosjøen er varmt året rundt.

I Llanosområdet i Orinocodalen er det vanlegvis varmt tropisk klima med ei enkel regntid mellom april og oktober. I dette området kjem det stort sett mellom 1000 og 1500 mm i året. Temperaturane varierer lite frå månad til månad, og ein har eigentleg aldri kjølig vêr. Dei våte månadane kan derimot vere ubehageleg på grunn av kombinasjonen varme og høg luftfukt.

I søraust ligg Guyanaplatået, og her kjem det som regel meir regn, vanlegvis over 1500 mm kvart år, men med ei klar tørketid på vinteren. Temperaturen er ikkje så høg på grunn av høgda, og fukta er generelt lågare enn i Llanos.

                                     

3. Historie

Venezuela vart den første permanente spanske kolonien i Sør-Amerika i 1522. Mesteparten av noverande Venezuela kom seinare inn under visekongedømmet Ny Granada. Etter fleire mislukka opprørsforsøk og ein blodig frigjeringskrig vart landet til slutt sjølvstendig frå Spania i 1821 under leiing av Simón Bolívar. Rett etter gjekk Colombia, Panama og Ecuador saman med Venezuela inn i føderasjonen Gran Colombia. Dei heldt saman til 1830 då Venezuela braut ut og danna ein sjølvstendig republikk.

Det første hundreåret av historia for landet vart prega av politisk ustabile regjeringar, skiftande diktatur og revolusjonær uro. Etter at militæret trekte seg ut av politikken i 1958 har dei to sentrumspartia Accion Democratica og COPEI veksla på å sitte med makta. I 1958 gjekk dei to partia inn ei pakt som skulle sikre at ingen andre parti slapp til, den såkalla Punto Fijo-pakta. Under Punto Fijo-epoken, som varte fram til valet i 1998, var "forsvinningar" av opposisjonelle vanleg i Venezuela. Dei dominerande media støtta nesten utan unntak dei to etablerte partia og var i hovudsak kontrollert av to velståande familiar med intime band seg i mellom.

Ei sentral hending i nyare venezuelansk historie er Caracazo-massakren i 1989. Massakren vart sett i gang då politi og militære gjekk til åtak på demonstrantar som kravde stopp i nyliberalistiske reformer innført under president Carlos Andres Perez. Fleire tusen demonstrantar vart drepne og hendinga har blitt omtalt som ein "kapitalismen sin Himmelske freds plass" i Latin-Amerika. President Perez vart seinare stilt for riksrett og avsett for korrupsjon.

I 1992 forsøkte MBR-200, Movimiento Bolivariano Revolucionario 200, å ta makta. Opprøret vart grunngjeve med at de demokratiske kanalar for endring var stengt og motstandarane omtala det som eit mislykka kupp medan tilhengjarane meinte det var eit forsøk på revolusjon. MBR-200 hadde frigjeringshelten Simon Bolivar som symbol og mobiliserte mot korrupsjonen under regimet til Carlos Andres Perez. Då opprøret feila fekk Hugo Chavez komme til på tv for å be tilhengjarane om å gjere slutt på kamphandlingane. Han sa at opprøret berre hadde feila por ahora, "for no", eit sitat som sidan har gått inn i venezuelansk historie.

                                     

3.1. Historie President Hugo Chávez 1999-2013

Hugo Chávez vart vald til president i 1999 med 80 % oppslutning, Eit vektig mål for den politiske rørsla hans var få slutt på Punto Fijo-regimet. I 2002 vart styret hans utsett for eit mislykka kupp etter at oppstand ramma hovudstaden Caracas. Det venezuelanske militæret annonserte Chávez sin avgang på nasjonalt fjernsyn og inviterte ein lokal næringslivsleiar til å bli interimpresident. Etter nokre få timar hadde dei avskaffa parlamentet og gjort store endringar i grunnloven. Den venezuelanske regjeringa meinte at kuppet hadde støtte frå USA. Lojale militæroffiserar sette inn Chávez som president igjen mindre enn 48 timar seinare. Han døydde i embetet 5. mars 2013 av kreft.

                                     

3.2. Historie Demokrati og kontroversar i Venezuela

Den nye grunnloven av 1999 i Venezuela lovfester direkte og deltakande demokrati. Kva som ligg i dette finst det ulike tolkingar av. Men regjeringa i Venezuela har i fleire år synt interesse for den sveitsiske modellen med direkte folkerøystingar og skal få hjelp av sveitsiske juristar og Instituttet for føderalisme i Freiburg til å konkretisere ein liknande modell i Venezuela, i følgje den spanskspråklege nettstaden Swissinfo.

Små kommuneråd etablert av innbyggjarane innanfor eit område har blitt populært i Venezuela etter at regjeringa la til rette for dette og det finst no 18 000 slike råd. Her avgjer innbyggarane direkte over fordeling av kommunerådet sitt budsjett.

I desember 2005 stemte berre omkring 20 % av dei som hadde røysterett i Venezuela under valet av ny nasjonalforsamling, La Asamblea. Opposisjonen i landet boikotta valet som følgje av stor mistillit til iverksetjinga av tidlegare val. Dette førte til at Chávez sitt parti MVR, og dei partia som støttar han, fekk alle plassane i La Asamblea. Mange hevda at den låge valdeltakinga gjer at valet ikkje var legitimt. Chávez sine tilhengarar viser i denne samanhengen til at val til nasjonalforsamlinga tradisjonelt har hatt svært låg deltaking i Venezuela, samanlikna med presidentval. I 1998 fekk til dømes sentrumspartiet Accion Democractica kontroll over kongressen med røysta frå berre 11.24 % av dei som hadde røysterett i landet utan at det i nemneverdig grad vart stilt spørsmål ved legitimitet åt valet.

Chávez vann på ny presidentvalet i desember 2006 framføre Manuel Rosales. I februar 2007 vart "La Ley Habilitante" gjennomført. Det vil seie at nasjonalforsamlinga har gjeve frå seg makta si til Chávez i 18 månader innanfor ei rekkje fastsette lovområde. Denne typen fullmakter er vanlege i land med presidentbasert demokrati og har blitt brukt mellom anna i USA "Fast Track"-lovane og i Peru kor Alan Garcia fekk utvida fullmakter innanfor 9 spesifiserte område. Både Hugo Chávez og tidlegare presidentar ved fleire høve fått liknande fullmakter. Alle lover som vert vedtekne i Venezuela kan bli tatt opp til folkeavstemming dersom 5 % av dei med røysterett krev det.

                                     

3.3. Historie Media i Venezuela

Dei dominerande media i Venezuela er for det meste ått av private selskap og dei fleste har ein sterkt kritisk dekning av det styresmakta gjer seg. Særleg Cisneros-familien, som var involvert i statskuppet i 2002, har kontroll over sentrale meiningsdannande media i Venezuela.

Ei ordning med pressestøtte til lokalbaserte og uavhengige media har medverka til fleire lokale tv- og radiokanalar. Talet på tv-kanalar har auka frå 30 til 78 sidan Chávez kom til makta og talet på radiokanalar har auka frå 368 til 617. Dette har gjeve Hugo Chávez fleire støttespelarar i media da mange av dei nye kanalane stiller seg positive til regjeringa sitt arbeid. Når det gjeld dei riksdekkjande tv- og radiokanalane dominerer likevel framleis opposisjonen.

Det finst over hundre aviser i Venezuela. Dei fleste av desse står opent i opposisjon til regjeringa i landet, men styrken i kritikken kan variere.

Våren 2007 kom det til ein konflikt i samband med at den venezuelanske staten ikkje ville halde fram løyvet som den populære tv-kanalen RCTV hadde til å sende på det nasjonale bakkenettet. Delar av opposisjonen oppfatta dette som ein freistnad på sensur. Regjeringa viser til kanalen sine mange brot på sendevilkåra, mellom anna aktiv deltaking i statskuppet i 2002, manglande skattebetaling, vising av tobakksreklame, samt vald og pornografi mellom tidspunkt på døgnet når dette ikkje er lov. President Chávez har også lagt vekt på at kanalen skal ha spreidd fiendtlege haldningar til homofile. RCTV vil sende vidare på kabel, i tillegg til at kanalen sender på Internett og satellitt.

Internasjonalt har ei rekkje organisasjonar reagert på avgjersla om å ikkje fornye konsesjonen til RCTV. Organisasjonen av amerikanske statar OAS sin generalsekretær har likevel uttalt at avgjersla ikkje representerer noko trugsmål mot demokratiet i Venezuela og fleire presidentar i regionen, av dei Brasil sin president Luiz Ignacio Lula da Silva, har rettferdiggjort avgjersla. Lula skildra avgjersla som ei demokratisk handling. "The decision to not renew the license is just as democratic as giving it the license. I dont know why there is any difference between two democratic acts", skal Lula ha sagt til den brasilianske storavisa Folha de Sao Paulo.

Tv-kanalen som tar over RCTV sin gamle frekvens på bakkenettet heter TVes. Etter det regjeringa seier skal dette vere ein "Public Service" tv-kanal etter "europeisk modell", kor alle kan sende inn program. Styresmakta har også uttalt at vi ville ikkje vere så dumme at vi gjorde TVes til ein kopi av VTV og understreka at den nye kanalen vil vere pluralistisk og inkluderande.

Som ein del av mediestrategien sin har regjeringa også valt å bygge ut gratis internettkafear i fattigstrøk. Tilhengarar av Hugo Chávez bruker gjerne dette som eit eksempel på regjeringa sin demokratiske karakter, då mange undertrykkande regime ser på Internett som ein trussel.

                                     

3.4. Historie Venezuela fornyar forsvaret

I april 2006 kom dei første MI-17-helikoptera som Venezuela har kjøpt frå Russland. I alt skal 33 kamphelikopter leverast.

I mai 2006 innførte USA eit forbod mot eksport av våpen til landet. Avgjersla vart tatt pga "manglande støtte til krigen mot terror". Dette følgde opp ein USA-amerikansk stopp på ein eksport av delar til F-16-fly frå Brasil i januar. Chávez reagerte på dette med å truge med å kjøpe fly frå Russland eller Kina. Chávez truga også med å selje gamle USA-amerikanske jagarfly til Cuba eller Kina.

Tidleg i juni 2006 kom den første leveransen av russiske våpen til Venezuela. 33 000 av totalt 100 000 Kalashnikov-gevær. USA uttalte at dette er med på å destabilisere regionen. Venezuela planlegg også lisensbygging av Kalashnikov.

Våren 2007 vart det meldt i norsk og internasjonal presse at Venezuela planla eit større kjøp av ubåtar frå Russland. Venezuelanske styresmakter har avvist meldingane. Bruk av økonomiske middel til militær verksemd i landet har gått ned både om ein ser på relative tal i forhold til BNP og i absolutte tal sidan Chávez kom til makta.

                                     

4. Bakgrunnsstoff

Litteratur

  • Kalle Holmqvist - Venezuela och drömmen om ett nytt Amerika Murbruk förlag, 2006. ISBN 91-976360-0-2 svensk.
  • Olivia Burlingame Goumbri -Venezuela Reader: The Building of a Peoples Democracy ISBN 0-918346-35-5 engelsk.

Regjeringssider

  • Asamblea Nacional - Den offisielle parlamentsida på spansk.
  • Gobierno en Línea - Den offisielle regjeringsportalen på spansk.
  • Presidencia de la República de Venezuela - Den offisielle presidentsida på spansk.

Media og kommunikasjon

  • Venezuelanalysis.com.
  • VHeadline.com.
  • Globovisión - Venezuelsk nyhendekanal.
  • Diario Tal Cual.
  • Noticias de Venezuela på spansk og engelsk.
  • Diario El Nacional.
  • Unión Radio.
  • Diario El Universal.

Kultur, foto og turisme

  • Efemérides Venezolanas på spansk.
  • Venezuela i foto på spansk.
  • Venezuela Tuya Venezuela Yours - Le Venezuela Votre: A country to love - Venezuelsk turistportal.

Anna

  • Brev frå Venezuela.
  • Utviklinga til venezuelske papirpengar - Frå 1933 til i dag.
  • Ramón J. Velásquez si regjering.
                                     
  • Estado Mérida er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Mérida. Delstaten ligg i fjellkjeda Cordillera de Mérida som
  • dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Trujillo. Delstaten er ein av dei fire i Venezuela som ligg i fjellkjeda Cordillera
  • Estado Bolívar er den største av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden er Ciudad Bolívar. Delstaten dekkjer eit areal på 238 000 km², det
  • teke i bruk av Venezuela i 1811. Flagget blei utforma av fridomskjemparen Franciso de Miranda i 1806. 3. august er flaggdagen i Venezuela Día de la Bandera
  • Venezuela er delt inn i 23 delstatar, estados, eit venezuelansk hovudstadsdistrikt som svarar til hovudstaden Caracas og eit sentralstyrt øyterritorium
  • Estado Sucre er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Cumaná. Liste over dei 21 kommunane spansk municipios i Sucre:
  • Estado Miranda er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Los Teques. Liste over dei 21 kommunane spansk municipios
  • Byen er kjent som La Ciudad de los Caballeros, byen til herrane og er ein av dei mest attraktive turistdestinasjonene i Venezuela Link Mérida
  • Estado Amazonas er ein delstat estados i Venezuela Delstatshovudstaden er Puerto Ayacucho. Delstaten dekkjer eit areal på 180 145 km² og har ein folkesetnad
  • Estado Barinas er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Barinas. President Hugo Chávez blei fødd her, og både faren
                                     
  • Petróleos de Venezuela S.A. PDVSA er eit statseigd oljeselskap i Venezuela Det vert drive stort innan eksport av petroleum frå Venezuela PDVSA kjøpte
  • Koordinatar: 8 34 00 N 70 42 00 W Sierra Nevada nasjonalpark i Venezuela ligg i Andes i delstatane Mérida og Barinas i den vestlege delen av landet.
  • Det venezuelanske riksvåpenet blei teke i bruk av Venezuela i 1836 og har gått gjennom småendringar til å få si noverande utforming. Riksvåpenet er eit
  • lengst nord i Venezuela Caroní: også frå delen av Guayanahøgslettene som ligg lengst nord i Venezuela Casiquiarekanalen: in søraustlege Venezuela ei avgreining
  • Estado Zulia er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Maracaibo. Delstaten ligg i det nordvestlege hjørnet av landet
  • 550 000 kvadratkilometer. Llanos i Venezuela dekkjer meir enn ein fjerdepart av landarealet, ca 240 000 km². I Venezuela inngår store delar av delstatane
  • då dei to vitja Venezuela Året etter drog Bolívar tilbake til Europa og var ei tid med i kretsen rundt Napoleon. Tilbake i Venezuela vende Bolívar seg
  • Estado Monagas er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Maturín. Liste over dei 21 kommunane spansk municipios
  • Estado Anzoátegui er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Barcelona. Liste over dei 21 kommunane spansk municipios
                                     
  • Estado Delta Amacuro er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Tucupita. Liste over dei fire kommunane spansk municipios
  • Estado Falcón er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Coro. Liste over dei 9 kommunane spansk municipios i Falcón:
  • Estado Portuguesa er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Guanare. Liste over dei 14 kommunane spansk municipios
  • Estado Guárico er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er San Juan de los Morros. Liste over dei 14 kommunane spansk
  • moh. Roraima ligg på grensa mellom Venezuela Brasil og Guyana. Det er det høgste punktet i Guyana medan både Venezuela og Brasil har andre fjell som er
  • Estado Aragua er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Maracay. Liste over dei 18 kommunane spansk municipios i
  • Estado Cojedes er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er San Carlos. Liste over dei 14 kommunane spansk municipios
  • Estado Yaracuy er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er San Felipe. Liste over dei 14 kommunane spansk municipios
  • Carabobo er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Hovudstaden i delstaten er Valencia. Liste over dei 14 kommunane spansk municipios i Carabobo:
  • Estado Apure er ein av dei 23 delstatane estados i Venezuela Delstatshovudstaden er San Fernando de Apure. Basert på folketeljinga i 2001 er folketalet
  • Jorge Luis Valdivia Toro fødd 19. oktober 1983 i Maracay i Aragua i Venezuela er ein chilensk fotballspelar som har spela for det chilenske landslaget

Users also searched:

venezuela, nederlandsk geografi. venezuela,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →