Back

★ Nikolaj Trubetskoj

Nikolaj Trubetskoj
                                     

★ Nikolaj Trubetskoj

Fyrst Nikolaj Sergejevitsj Trubetskoj, fødd i Moskva, død i Wien, var ein russisk lingvist og etnolog, og ein av grunnleggjarane av Lingvistkrinsen i Praha i 1929.

                                     

1. Biografi

Trubetskoj høyrde til ein gamal russisk adelsfamilie. Far hans, fyrst Sergej Nikolajevitsj Trubetskoj 1862-1905 var professor i filosofi ved Universitetet i Moskva og rektor same stad. Han byrja tidleg å arbeide med lingvistikk og etnologi. Den fyrste artikkelen hans blei utgjeven i 1905. Frå 1908 til 1913 studerte han ved Universitetet i Moskva og tok doktorgraden i 1913 med avhandlinga Om uttrykk for futurum i dei viktigaste indoeuropeiske språka. I 1916 habiliterte han seg i samanliknande språkvitskap og sanskrit. I 1917 reiste han til Kaukasus, der han blei overraska av oktoberrevolusjonen. I 1918 blei han professor i Rostov-ved-Don, og i 1920 emigrerte han, av politiske grunnar, til Bulgaria, der han blei dosent i slavisk filologi ved Universitetet i Sofia. I 1922 blei han kalla til professor i slavisk filologi ved Universitetet i Wien. Han døydde i 1938, kort tid etter at Gestapo hadde forhøyrt han og teke frå han arkivet hans.

                                     

2. Vitskapleg tyding

Trubetskoj sitt hovudbidrag til lingvistikken høyrer til fonologien, særleg i analysen av fonologiske system i einskildspråk og i arbeidet for å finne generelle og allmenne fonologiske lover. Hovudverket hans var Grundzüge der Phonologie, som kom ut posthumt i 1939. I Grundzüge utvikla Trubetskoj den mest avanserte og fullstendige strukturalistiske fonologiske teorien gjennom tidene. Det er ikkje alltid som lett å skilje synspunkta til Trubetskoj frå dei til venen hans, Roman Jakobson, som gjorde fonologien Lingvistkrinsen i Praha vidare kjend etter Trubetskojs for tidlege død.

                                     
  • seg einig i. I 1886 grunnla Nikolaj Rubinstein Konservatoriet i Moskva saman med fyrst Nikolaj Petrovitsj Trubetskoj Nikolaj var ein ambisiøs lærar og
  • Rikskonservatorium av Nikolaj Rubinstein bror til Anton Rubinstein, som grunnla Konservatoriet i St. Petersburg i 1862 og fyrst Nikolaj Petrovitsj Trubetskoj Ved opninga

Users also searched:

nikolaj trubetskoj, etnologi. nikolaj trubetskoj,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →