Back

★ Estisk kultur

Estisk kultur
                                     

★ Estisk kultur

Estisk kultur utgjer ei blanding av ei gammal nasjonalarv, som det estiske språket, og strøymingar frå nordiske og europeiske kulturelle aspekt. På grunn av historia og geografien til landet, har estisk kultur vorte påverka av tradisjonar frå dei omliggande områda av forskjellige finske, baltiske og tyske folk, og av den kulturelle utviklinga i Sverige og Russland, som begge i periodar styrte landet. Tradisjonelt har Estland vore plassert midt i rivaliseringa mellom det vestlege og det austlege Europa, noko som har kome til syne i dei kristne tradisjonane med både ei vestleg protestantisk kyrkje og ei austleg ortodoks kyrkje.

                                     

1.1. Kulturtradisjonar Folkesetnad og identitet

Dagens Estland har historisk vore folkesett av estisktalande folk, som framleis utgjer majoriteten i landet. Minoritetar som svenskar, tyskarar og russarar har busett seg her i nyare tid. Mange estarar reknar seg sjølv som nordiske og ikkje baltiske. Estisk er nært i slekt med finsk, ikkje baltiske språk, og estarar er etnisk ei austersjøfinsk folkegruppe.

På 1200-1300-talet høyrde nordlege delar av landet til Danmark, før dei blei selt til Den tyske riddarordenen. Frå 1500-talet fram til Den store nordiske krigen på byrjinga av 1700-talet var området ein perifer del av Det svenske imperiet. Etter dette blei det del av Det russiske imperiet og seinare Sovjetunionen. Medan makta over landet skifta mellom Sverige, Russland og baltiske tyskarar, heldt dei innfødde estisk-talarane på språket og kulturen sin.

På 1800-talet blei ein meir definert estisk kulturell identitet driven fram, ei tid då romantikken og nasjonalismen stod sterkt i Europa. Støtte frå tyskspråklege "estofilar" frå øvre samfunnslag hjelpte den estiske nasjonale oppvakninga Ärkamisaeg som ende med erklæringa av Estland som ein sjølvstendig republikk i 1918.

                                     

1.2. Kulturtradisjonar Feiringar

Dei viktigaste estiske høgtidene er jaaniõhtu, ei jonsokfeiring med bålbrenning og festing, og jõulud, jul, som blir feira på europeisk vis med adventkalender, juletre og tradisjonskost. Ein feirar også kadripäev karimesse den 25. november og den estiske nasjonaldagen 24. februar, til minne om den estiske sjølvstendeerklæringa i 1918.

                                     

1.3. Kulturtradisjonar Mat

Tradisjonell estisk mat er bondekost som rugbrød, poteter, mjølkeprodukt, fisk og skaldyr og svinekjøt. Av særskilde estiske retter kan nemnast verivorst blodpølse, surkål, søtmat som kissel og dravleproduktet kohuke, og brødbrygget kvass. Rugbrød har ei særskild stilling i estisk kultur. Ein kan byrja eit måltid med å ønskja jätku leiba, at brødet må vara, og ein gammal tradisjon var å ta opp brød som fall på golvet og kyssa det.

                                     

1.4. Kulturtradisjonar Religion

Førkristen estisk mytologi er i slekt med finsk og marisk, og vekte interesse under den nasjonale oppvakninga. Estland blei kristna av Den tyske riddarordenen på 1200-talet. Lutheranismen breidde seg under reformasjonen, og den estiske evangelisk-lutherske kyrkja blei skipa i 1686. Under sovjettida råka anti-religiøs lovgjeving kyrkja. I tillegg blei mange kyrkjer øydelage under den tyske okkupasjonen i andre verdskrigen. For ein del geistlege og evangeliske kristne var bibelsmugling ein måte å gjera motstand mot sovjetregimet på. Th

Etter oppløysinga av Sovjetunionen blei antireligiøse lovar oppheva, men Estland er framleis eit særs lite religiøst land. Estland har merka seg ut som det landet i EU der den største delen av folket ikkje har noko religiøs tru, med rundt 72க் % "ikkje-religiøse". Ei rekkje ulike religionar er likevel representerte i landet, med ortodoks kristendom og deretter lutheranisme som dei største retningane. Det finst også mindre grupper andre protestantar, muslimar, jødar, buddhistar og nyheidenske gruååer som Maavalla Koda og Vene Rahvausu Kogudus Eestis.

                                     

2.1. Kunst Musikk

Estisk musikk er kjenneteikna av ein folkemusikktradisjon nærskyld med gammal finsk folkemusikk, kunstmusikk med impulsar frå kulturelt samkvem med Tyskland og Russland og ein sterk folkeleg korsongtradisjon. Den estiske songfestivalen, halden i Tallinn kvart femte år, er ei viktig musikkhending.

                                     

2.2. Kunst Teater

Dei første teatera i Estland var tyske stadsteater på slutten av 1700-talet, grunnlagt av mellom andre den tyske dramatikaren August von Kotzebue. Det var denne tyske teaterkulturen som var medverkande til utviklinga av estisk teater på estisk språk etter 1870. Vanemuine-rørsla spelte i 1870 ein komedie på estisk skriven av Lydia Koidula, og dei sette i stand fleire teateroppsetjingar dei neste åra. Det vart bygd eit nytt teater i Tartu, og her etablerte Karl Menning ein regitradisjon basert på realisme og ensemblespel. Teaterlivet stagnerte i Estland i revolusjonstida, men utvikla seg frå 1920-åra til eit symbolistisk og stilisert teater. I sovjettida spelte teateret ei viktig rolle for skjult samfunnskritikk, mellom anna ved Dramateateret i Tallinn. Ein av dei sentrale regissørane i denne perioden var Milek Mikkivers. Då Estland igjen vart ein sjølvstendig nasjon var teaterinteressa i sterk tilbakegang, men ho har teke seg opp att dei siste åra, særleg for amatørteater.

                                     

2.3. Kunst Film

Tradisjonelt har det statlege selskapet Tallinnfilm stått for det meste av filmproduksjonen i Estland, men etter sjølvstendet frå Sovjetunionen har fleire sjølvstendige selskap, som Freyja Film, kome til. Normalt vert det spelt inn to til fem spelefilmar i året, men størst distribusjon er det animasjonsfilm som har fått. Dei første animasjonsfilmane vart laga ved Tallinnfilm i 1957 av dokkefilmskaparen Elbert Tuganov. I 1971 vart verksemda utvida med ei teiknefilmavdeling ved Rein Raamat. Teiknefilmane til Raamt og Priit Pärn slo igjennom internasjonalt i 1980-åra, og det same gjorde dokkefilmane til Riho Unt og Hardi Volmer. Av filmar som fekk stor merksemd var Frokost i det grønne av Pärn og Krig av Unt og Volmers, begge frå 1988.

                                     

2.4. Kunst Dans

Dans i Estland har hovudsakleg vore basert på den gamle og rike folkedanstradisjonen, og lite innan scenisk dans som ballett. Scenedans slo først gjennom då dei første profesjonelle teatera i Tallinn og Tartu opna på andre halvdel av 1800-talet. Det første moderne dansestudioet vart opna i 1926 av Gerd Neggo, som var elev av Rudolf van Laban. Laban hadde dansa ballett i Estland. Det første ensemblet ved nasjonaloperaen i Estland var elevar frå skulen til Y. Litvinova frå den tidlegare keisarlege russiske balletten.

Dei første åra vart det framført klassiske ballettverk, og i 1944 hadde den første nasjonale balletten, Kratt med musikk av E. Tubin, premiere. I sovjettida fann mange estiske dansarar arbeidsplass i sovjetiske dansekompani. Ein av dei viktigaste estiske koreografane etter andre verdskrigen var Mai-Esther Murdmaa, som studerte ved dansehøgskulen i Moskva. Det første verket hennar var Ballett Symfoni til musikk av Tamberg i 1964. Ho har òg koreografert i utlandet og er framleis ein viktig koreograf i Estland.

                                     

2.5. Kunst Litteratur

Estisk litteratur går langt tilbake i tid. Den eldre folkediktinga har røter tilbake til 500 f.Kr., medan ei ny folkedikting oppstod på 1700-talet. Estland har ei av dei største samlingane av folkedikting i verda, trass i det låge folketalet. Ei storstilt innsamling av folkediktinga starta på 1800-talet, eit arbeid som framleis pågår. Friedrich Reinhold Kreutzwald skreiv på 1800-talet Kalevipoeg basert på folkediktinga, og dette verket har fått status som nasjonalepos og innleidde nasjonalromantikken i landet.

Den første diktaren i Estland var Kristjan Jaak Peterson, som nytta fleire motiv og formgrep frå folkediktinga. Andre diktarar på 1800-talet var Johann Voldemar Jannsen og Carl Robert Jakobson, og seinare Anna Haava og Lydia Koidula.

Realistisk prosa slo igjennom mot slutten av 1800-talet, mellom andre med Eduard Vilde. Han skildra ofte samfunnsforholda på 1800-talet. Under revolusjonen i 1905 oppstod forfattargruppa Noor-Eesti "Det unge Estland" som la vekt på dei estiske sidene ved litteraturen. I gruppa finn ein mellom andre lyrikaren Gustav Suits og forfattaren Friedebert Tuglas. I sjølvstendetida blømde litteraturen i Estland, og eit høgdepunkt i estisk prosakunst er danningsromanen Sannhet og rett av Anton Hansen Tammsaare, som vart gjeven ut i fem bind frå 1926 til 1933. Andre forfattar frå denne tida var Karl August Hindrey og lyrikaren Marie Under.

Ein del forfattarar i sovjettida gjekk over til kommunismen, men fleire flykta òg frå landet, hovudsakleg til Sverige. Her starta lyrikaren Bernard Kangro eit estisk forlag i Lund, Eesti Kirjanike Kooperativ. I Estland var litteraturen i denne tida prega av dogmatisk sosialistisk realisme. Av desse forfattarane og lyrikarane finn ein Jaan Kross, Ain Kaalep og Ellen Niit. Frå 1960-åra kom nye diktarar til, som Uku Masing, Artur Alliksaar, Betti Alver, Lilli Promet og Aimée Beekman.

                                     

2.6. Kunst Biletkunst

Før 1850 var det meste av kunsten i Estland påverka av Tyskland, Sverige og Russland. Bilethoggaren Bernt Notke arbeidde i Tallinn på 1400-talet. Hoffmålaren Michel Sittow var fødd i Tallinn i 1469, og måleria hans finst i dag i fleire store museum i Europa. Bilethoggaren Arent Passer laga fleire viktige renessanseskulpturar i Tallinn på slutten av 1500-talet.

På slutten av 1800-talet utvikla kunsten seg med romantikken. Målaren Johann Köler var ein føregangsmann og måla mellom anna absidemåleriet i Karlskyrkja i Tallinn. Bilethoggaren August Weizenberg laga skulpturar av det estiske nasjonaleposet Kalevipoeg, medan Amandus Adamson laga Rusalka-statuen i Tallinn.

På 1900-talet vart det oppretta fleire kunstskular. Kunstnarar med nasjonal eigenart var mellom andre Ants Laikmaa, Kristjan Raud og Nikolai Triik. Raud illustrerte mellom anna Kalevipoeg i 1935, medan Laikmaa og Triik var dyktige portrettmålarar. Då Estland vart sjølvstendig i 1918, var påverknaden frå tysk ekspresjonisme og kubisme sterk. I 1919 vart det oppretta ein kunstskule i Pallas, som hadde stor innverknad på estisk kunst, og dei fleste leiande estiske kunstnarane vart utdanna her. I sovjettida, og særleg under Stalin, vart den kunstnariske fridomen sterkt avgrensa. I 1950-åra vart det stort sett laga kunst som hylla det nye regimet, men i 1960-åra frigjorde den estiske kunsten seg frå det russiske kunstidealet. Seinare kunstnarar har mellom anna vore Tonis Vint og Jüri Arrak frå kunstnargruppa ANK 64, og seinare har Raoul Kurvits fått internasjonal merksemd med performance-kunst.

                                     
  • under dansk overherredøme, men sambandet mad Danmark var laust. Den estiske kulturen vart tyskprega, og i 1346 selde Valdemar Atterdag landet til tyskarane
  • Den estiske songfestivalen estisk üldlaulupidu er ein festival som vert arrangert i Tallinn, hovudstaden i Estland, i juli kvart femte år. Den siste
  • Reformierakond Det estiske reformpartiet i fjerde periode. Han var estisk kultur - og utdanningsminister frå 1992 til 1994 og folkesetnadsminister frå
  • på estiske segner og eventyr. Ved universitetet i Tartu leidde Friedrich Robert Faehlmann 1798 - 1850 ei gruppe som arbeidde med å samle inn estisk folkedikting
  • ovanfrå og ned - syn på den estiske kulturen I ettertid har det også vorte påpeikt at den europeiske innverknaden på estisk litteratur også var til stades
  • ei utstilling i Tallinn som omfatta 45 av dei planlagde 51 blada. I estisk kultur slo det i slutten av 1960 - åra gjennom ei sterk interesse for historie
  • plass på songfestivalane etter frigjeringa. Det er i første rekke den estiske kulturen som er profilert og som har vunne fram gjennom den syngande revolusjonen
  • 45 227 km² og har eit temperert klima. Estarane er i nær slekt med finnane, og estisk språk har mange likskapar med finsk. Det moderne namnet på Estland kjem
  • og som i resten av Estland og Latvia hadde tysk og tysk - estisk adel stor innverknad på kultur religion, arkitektur, utdanning og politikk til langt ut
  • Narva estisk Narva jõgi eller Narova er ei elv som renn langs grensa mellom Estland og Russland. Ho har sitt utspring frå innsjøen Peipus, og renn gjennom
  • det stort sett snakka tysk, og tysk var det offisielle språket, men estisk kultur vart teken vare på, fortrinnsvis av bønder utanfor bymurane. Frå 1285
                                     
  • standhaftige søner var nasjonalsong for Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken fra 1945 til 1991, på estisk Eesti Nõukogude Sotsialistliku Vabariigi
  • vera ei kortform av Mariana eller Marianne. Kvinnenamnet finst også på estisk finsk, bretonsk, walisisk og ungarsk. Mari har namnedag i Noreg den 25
  • Rēzekne tysk Rositten, estisk Räisaku, polsk Rzeżyca russisk Резекне Rezekne er ein by aust i Latvia. Byen er grunnlagd på den gamle handelsruta mellom
  • aller første estiske songfestivalen i Tartu 1869, og songen vart sidan eit viktig symbol for Estlands nasjonale oppvakingbruka medvite i estisk nasjonsbygging
  • Naiv.Super., den mest suksessrike boka hans, er omsett til svensk, finsk, estisk dansk, islandsk, nederlandsk, tysk, polsk, russisk, slovakisk, engelsk
  • målar 11. desember: Robert Koch, tysk lege 24. desember: Lydia Koidula, estisk forfattar Sjå òg Døde i 1843. 20. oktober: Knut Lurås, norsk spelemann 12
  • austersjøfinsk språk, som blir snakka i Latvia. Det er i slekt med finsk og estisk men ikkje med latvisk, som er eit indoeuropeisk språk. Etter den andre
  • Sandburg, USA - amerikansk forfattar 30. januar: Anton Hansen Tammsaare, estisk forfattar 1. februar: Hattie Caraway, USA - amerikansk politikar 19. februar:
  • språk: anarâškielâ enaresamisk davvisámegiella nordsamisk eesti estisk suomi finsk Inuittiske språk: kalaallisut grønlandsk Andre viktige
  • Trosterud fødd 1962 er ein norsk språkforskar og professor ved Institutt for kultur og språkvitenskap, UiT Noregs arktiske universitet. Han leiar Giellatekno
                                     
  • finsk - ugriske, er offisielle språk i eigne nasjonalstatar: ungarsk, finsk og estisk Med unntak av minoritetar i dei skandinaviske landa og Latvia høyrer mest
  • språk, som kinesisk, nederlands, fransk, italiensk, polsk, tysk, spansk og estisk Denne artikkelen bygger på Jambalaya On the Bayou frå Wikipedia på
  • januar: Storbrann i Molde Sjå òg Fødde i 1916. 7. januar: Paul Keres, estisk sjakkspelar 11. mars: Harold Wilson, britisk statsminister 5. april: Gregory
  • av India 22. mai: Konrad Nordahl, norsk politikar 5. juni: Paul Keres, estisk sjakkspelar 9. august: Dmitrij Sjostakovitsj, russisk komponist 24. august:
  • Lang ā vart til lang ō i sein urfinsk, vi fekk sōme, som framleis er den estiske namnet på Finland Soome og deretter diftongering av lange midtvokalar
  • Anatolij Lunatsjarskij, sovjetisk forfattar og politikar Eduard Vilde, estisk forfattar Jon Annar Fordal 30. april 2009 NRKs historie NRK.no.
  • kjærleik er eit estisk dikt av Lydia Koidula. Diktet fekk sin eigen melodi, komponert av Aleksander Kunileid, til den første estiske korfestivalen i 1869
  • september: Ásgeir Ásgeirsson, islandsk president 5. november: Alfred Schmidt, estisk vektlyftar 26. desember: Harry S. Truman, president i USA 1900 - talet
  • Dybwad Brochmann, norsk forfattar og politikar 18. januar: Konstantin Päts, estisk statsleiar 31. januar: Alan Alexander Milne, britisk forfattar 6. mars:

Users also searched:

estisk kultur, estisk geografi. estisk kultur,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →