Back

★ Pakriøyane

Pakriøyane
                                     

★ Pakriøyane

Pakriøyane er to øyar i Finskebukta i Estland: Suur-Pakri og Väike-Pakri. Administrativt høyrer dei til byen Paldiski. I fleire hundreår var øyane busett av estlandssvenskar, fram til den andre verdskrigen då heile folkesetnaden vart tvinga til å flytte.

                                     

1. Etymologi

Det svenske namnet på øyane tyder "Rugøyane" og tidlegare var rug ei vanleg avling på øyane. Alternative namn på øyane er Västra Rågö / Västerö og Östra Rågö / Österö.

Väike-Pakri Vesle-Pakri er faktisk noko større enn Suur-Pakri Store-Pakri. Årsaka for desse forvirrande namna er truleg at Suur-Pakri hadde fleire innbyggjarar, betre jordbruksland og vart sett på som viktigare.

                                     

2. Geografi

Øyane ligg nokre kilometer utanfor kysten av Estland. Väike-Pakri ligg 3 km vest for Paldiski, og mellom dei ligg Paldiskibukta Pakribukta svensk Rågövik, som er over 20 meter djup. Det grunne, 3 km brei Kurksesundet skil øyane frå fastlandet i sør.

Väike-Pakri, den austlege øya, har eit areal på 12.9 km², medan Suur-Pakri er 11.6 km² åttande og niande største øyane i Estland. Väike-Pakri er òg høgare enn Suur-Pakri 17 moh og 8 moh. Båe øyane er om lag 6 km lange og 2-2.5 km breie.

Det ligg eit par holmar i det 1-1.5 km breie og grunne sundet mellom dei to øyane. I 1952 vart det bygd ei vegfylling mellom dei to øyane av den sovjetiske hæren.

På nordkysten av begge øyane finn ein kalksteinsberg. Desse er ein del av Baltisk klint og stig 4 meter opp på Suur-Pakri og opp til 13 meter på Väike-Pakri. Båe øyane er i røynda ein del av det større kalksteinsplatået i Nord-Estland.

                                     

2.1. Geografi Landsbyar

Før den andre verdskrigen hadde dei to øyane fem landsbyar, tre på Suur-Pakri og to på Väike-Pakri.

Suur-Pakri

  • Strandbyn eller Åsbyn estisk Rannaküla 59.
  • Storbyn estisk Suurküla 100 innbyggjarar i 1935.
  • Bisagidbyn estisk Lepiku küla 38.

Väike-Pakri

  • Storbyn estisk Suurküla 88.
  • Lillbyn estisk Väikeküla 72.
                                     

3. Historie

Øyane var busett i 1345, då fem svenske familiar kjøpte den vestlege øya frå Padise kloster. Etter ei estisk folketeljing i 1934 hadde øyane 354 innbyggjarar, alle estlandssvenskar, bortsett frå 13 tyskarar. Det var fem landsbyar og 119 heimar, eit lite folkemuseum opna i 1935, stengt i 1940 og båe øyane hadde si eiga kyrkje og sin eigen skule. Etter at Molotov–Ribbentrop-pakta vart underskriven og Sovjetunionen overtok Estland, vart alle innbyggjarane på øyane tvinga til å dra frå dei i 1940. Båe øyane vart erklært militærbasar for det sovjetiske forsvaret. Dei fleste estlandssvenskane reiste til Sverige før 1944 under den tyske okkupasjonen av Estland. Etter den andre verdskrigen hadde Väike-Pakri få innbyggjarar fram til 1965. Under sovjettida, fram til 1992, vart øyane nytta som prøvefelt for luftbombardement av land i Warszawapakta.

Etter at øyane kom tilbake til Estland i 1994 var hovudmålet å reinske øyane for udetonerte bomber. Tusenvis av eksplosiv vart øydelagde og det meste av arbeidet var ferdig i 1997.

Under landreforma etter sjølvstendet til Estland, vart enkelte eigedomar gjevne tilbake til eigarane frå før andre verdskrigen. Den nordlege delen av øyane og den sørlege delen av Väike-Pakri vart innlemma i Pakri landskapsvernområde i 1998 for å verne kalksteinsberga, alvarar og sjeldne artar. I 2004 fekk øyane den første permanente innbyggjarane på fleire tiår, då ein person som var fødd her før den andre verdskrigen flytte tilbake til barndomsheimen sin og bygde opp att garden.

                                     
  • Öakse - Oitma Ojurahu Orikalaid - Osmussaar Odensholm Paelaid - Pakriøyane Rågöarna - Pakulaid - Papilaid - Papirahu - Pasilaid - Pedassaar - Pihanasu

Users also searched:

pakriøyane, estisk geografi. pakriøyane,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →