Back

★ Sinimäed

Sinimäed
                                     

★ Sinimäed

Sinimäed er tre åsar nordaust i Estland. Sinimäed strekkjer seg frå vest til aust og består av Tornimägi, Põrguaugu mägi og Pargimägi. Dei ligg i kommunen Vaivara vald nær kystbyen Sillamäe i Ida-Viru maakond.

                                     

1. Geografi

Sinimäed er slake åsar og ikkje fjell, som namnet kan tyde på. Likevel dominerer dei landskapet i området. Høgda på det omliggande kalksteinsplatået er i snitt 30 meter over havet, medan åsane er opp til 50 meter høgare. Pargimägi og Põrguaugu mägi er dei to høgaste åsane med høgder på 85 og 83 meter over havet, medan Tornimägi er noko lågare, 70 moh. Ryggen er om lag 3 km lang.

Åsane ligg på ei 5 km brei stripe mellom Finskebukta og skogane og myrene i Alutaguse, og plasseringa har vore strategisk viktig. Motorvegen Tallinn–Narva E20 passerer åsane frå nord og jernbanelinja Tallinn–Tapa–Narva kjem frå sør.

I åsane finst nokre store kalksteinsblokker, men opphavet deira er usikkert. Ein meiner at dei anten vart danna av kontinentale isbrear endemorener, av leirdiapirar eller ein kombinasjon av begge.

                                     

2. Militærhistorie

På den vestlegaste åsen, Tornimägi, stod det ein utpost under den store nordiske krigen.

Under den første verdskrigen var Pargimägi med sine forsvarsstrukturar ein del av forsvarslinja til St. Petersburg. Det vart utkjempa kampar ved Sinimäed under den estiske sjølvstendekrigen i 1919.

Det fann stad omfattande slag ved Sinimäed mot slutten av den andre verdskrigen. Etter at bruhovudet ved Narva vart forsvart mot Den raude armeen i seks månader, fall tyskarane tilbake til forsvarslinja Tannenberg ved åsane. På tysk vert den austlegaste åsane kalla Kinderheimhöhe, den midtre Grenadierhöhe og den vestlegaste Liebhöhe. Det står eit minnesmerke over dei falne ved Põrgumägi.

Users also searched:

sinimäed, estisk geografi. sinimäed,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →