Back

★ Pančevo

Pančevo
                                     

★ Pančevo

Pančevo er ein by og kommune i Serbia, 15 km nordaust for Beograd. I hadde byen 77 087 innbyggjarar, medan kommunen hadde 127 162 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i Sør-Banat i Serbia. Pančevo er òg den viktigaste hamna langs elva Tamiš, som renn forbi byen.

                                     

1. Namn

På serbisk heiter byen Pančevo Панчево, på ungarsk Pancsova, på tyrkisk Pançova, på tysk Pantschowa, på rumensk Panciova, på slovakisk Pánčevo og på rusin Панчево.

                                     

2. Historie

Byen vart første gong nemnd på 1100-talet. Han var ein del av Kongedømet Ungarn fram til 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Under det osmanske styret var han ein del av den osmanske provinsen Temeşvar og var ein stor busetnad hovudsakleg busett av etniske serbarar.

Etter 1716 høyrte byen til Habsburgmonarkiet og var ein del av militærprovinsen kalla Banat Temeswar. I 1751 kom dei nordlege områda i provinsen under sivil administrasjon, medan dei sørlege delane inkludert Pančevo vart ein del av Militærgrensa Banat Krajina. I denne tida var byen delt i to kommunar, ein serbisk og ein tysk. I 1767 var det 424 familiar i den serbiske kommunen og 132 familiar i den tyske. Byen var okkupert av osmanarane i 1787-1788. I 1794 vart den serbiske og tyske kommunen slått saman.

I 1848-1849 var Pančevo ein del av Serbisk voivodskap, ein serbisk autonom region i Det austerrikske keisardømet, men i 1849 vart han igjen underlagt Militærgrensa. I 1873 vart Militærgrensa nedlagt og byen vart ein del av Torontál fylke.

I 1918 vart Pančevo innlemma i Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar seinare kalla Jugoslavia. I 1921 hadde byen 19 362 innbyggjarar. Mellom 1918 og 1922 høyrte byen til Banat fylke, mellom 1922 og 1929 til Beograd oblast og mellom 1929 og 1941 til sjølve Beograd.

Mellom 1941 og 1944 var Pančevo okkupert av aksemaktene og var ein del av det sjølvstyrte Banat i den tyskokkuperte delen av Serbia. Sidan 1944 høyrte byen til det sosialistiske Jugoslavia og sidan 1945 var han ein del av den autonome provinsen Vojvodina. Mellom 1992 og 2003 høyrte Pančevo til Den føderale republikken Jugoslavia og mellom 2003 og 2006 til statsunionen Serbia og Montenegro. Sidan 2006 har byen høyrt til det sjølvstendige Serbia.

Under 1999 vart byen kraftig bombardert av NATO. Mål i byen var eit oljeraffineri, flyfabrikken Lola-Utva og kjemiske fabrikkar.

                                     
  • Frå her renn ho gjennom regionen Banat region og munnar ut i Donau nær Pančevo nord i Serbia. Elva har ei rekkje liknande namn på lokale språk: Rumensk
  • Kraljevo Kragujevac Kruševac Leskovac Loznica Novi Pazar Novi Sad Niš Pančevo Požarevac Priština Smederevo Sombor Sremska Mitrovica Subotica Šabac Užice
                                     
  • Kamenica Petrovaradin Sremski Karlovci Zemun Beograd, hovudstaden i Serbia Pančevo Smederevo Kovin Kostolac Veliko Gradište Kladovo Byar i Kroatia: Borovo

Users also searched:

pančevo, serbisk geografi. pančevo,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →