Back

★ Smederevo

Smederevo
                                     

★ Smederevo

Smederevo er ein by og ein kommune i Serbia ved Donau. I 2002 hadde sjølve byen om lag 77 808 innbyggjarar, medan heil kommunen hadde opp mot 110 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i Podunavlje distrikt.

                                     

1. Namn

På serbisk vert byen kalla Smederevo Смедерево, på latinsk, rumensk og gresk Semendria, på ungarsk Szendrő eller Vég-Szendrő, på tyrkisk Semendire og på tysk Semendria eller Smederevo.

                                     

2. Historie

Den moderne grunnleggjaren av byen var den serbiske fyrsten Đurađ Branković på 1400-talet, som bygde Smederevo festning i 1430 som den nye serbiske hovudstaden. Då han vart herre over Tokaj i Ungarn planta han vindruer frå Smederevo på eigedomen sin der, og frå desse utvikla den kjende kvitvin Tokaji seg. Smederevo var residensen til Branković og hovudstad i Serbia frå 1430 til 1439, då han vart erobra av Det osmanske riket etter ei to månader lang omleiring.

I 1444, etter Szeged-traktaten mellom Kongedømet Ungarn og Det osmanske riket, gav sultanen Smederevo tilbake til Đurađ Branković, som var alliert med John Hunyadi. Den 22. august 1444 tok den serbiske fyrsten over byen.

Då Hunyadi braut fredsavtalen vart Đurađ Branković verande nøytral. Serbia vart så ei slagmerk mellom ungararane og osmanarane og ein sint Branković tok Hunyadi til fange etter nederlaget hans i det andre slaget om Kosovo i 1448. Hunyadi vart sett i fengsel i Smederevo festning ein kort periode.

I 1454 omleira sultan Mehmed II Smederevo og øydela Serbia. Byen vart frigjeve av Hunyadi. I 1459 vart Smederevo igjen erobra av osmanarane etter Branković døydde. Byen vart ei tyrkisk grensefestning og spelte ei viktig rolle i dei osmansk-ungarske krigane fram til 1526. På grunn av den strategiske plasseringa vart Smederevo gradvis ombygd og gjort større. I ein lang periode var han sete i Sanjaken Smederevo.

Hausten 1476 prøvde ein samla hær av ungarar og serbarar oå ta festninga frå osmanarane. Dei bygde ei festning i tre like ved, men etter månader med omleiring klarte sultan Mehmed II sjølv å drive dei bort. Etter harde kampar valde ungarane å trekkje seg attende.

I 1494 prøvde Pál Kinizsi å erobre Smederevo frå osmanarane, men vart lam og døydde. I 1512 klarte heller ikkje John Zápolya å ta byen.

Under det første serbiske opprøret i 1806 vart byen mellombels hovudstad i Serbia, samt sete i Praviteljstvujušči sovjet, ei regjering leia av Dositej Obradović. Den første grunnskulen i byen vart grunnlagd i 1806.

Under den andre verdskrigen vart byen okkupert av tyske styrkar, som plasserte eit arsenal i festninga. Den 5. juni 1941 førte ein katastrofal eksplosjon til at festninga vart øydelagd og tusenvis av innbyggjarane i byen mista livet.

                                     
  • det tysk - okkuperte Serbia mellom 1941 og 1944 med hovudstad i Smederevo I dag er Smederevo setet for Podunavlje distrikt i Serbia. Mellom 1980 og 1989
  • Serbia. From there to its confluence with the Danube nordaust for byen Smederevo er Velika Morava 185 km lang. Med den lengste greina, Zapadna Morava
  • Kruševac Leskovac Loznica Novi Pazar Novi Sad Niš Pančevo Požarevac Priština Smederevo Sombor Sremska Mitrovica Subotica Šabac Užice Valjevo Vranje Zaječar Zrenjanin
                                     
  • Serbia Sombor - Serbia Novi Sad - Serbia Beograd - hovudstad i Serbia Smederevo - Serbia Drobeta - Turnu Severin - Romania Moldova Nouă - Romania Orşova
  • World Congress of Poets, Taiwan Doblougprisen 2011 The Golden Key of Smederevo Serbias internasjonale poesipris 2014 Michai Eminescu Special Award
  • Lausanne lån Celta Vigo Sturm Graz lån Yverdon - Sport lån Obilić Smederevo Raude Stjerne Hertha Berlin Ajax Olympiakós 8 4 3 0 21 14 0 0

Users also searched:

smederevo, serbisk geografi. smederevo,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →