Back

★ Zrenjanin

Zrenjanin
                                     

★ Zrenjanin

Zrenjanin er ein by og kommune i Serbia. Han ligg nord i den serbiske provinsen Vojvodina og er det administrative senteret i Sentral-Banat i Serbia. I 2002 hadde byen om lag 80 000 innbyggjarar, medan kommunen hadde 132 051 innbyggjarar.

Zrenjanin er den største byen i den serbiske delen av Banat, den tredje største i Vojvodina etter Novi Sad og Subotica og den sjette største i Serbia.

                                     

1. Namn

Zrenjanin fekk det noverande namnet sitt i 1946 til ære for den revolusjonære helten Žarko Zrenjanin Uča 1902-1942. Žarko Zrenjanin var ein leiar for kommunistane i Vojvodina under den andre verdskrigen.

Det gamle serbiske namnet på byen var Bečkerek Бечкерек eller Veliki Bečkerek Велики Бечкерек. På ungarsk vart byen kalla Nagybecskerek, på tysk Großbetschkerek eller Betschkerek, på rumensk Becicherecul Mare eller Zrenianin, på slovakisk Zreňanin, på rusin Зрењанин, på kroatisk Zrenjanin og på tyrkisk Beştelek eller Beçkerek.

Ein reknar med at det opphavleg namnet Bečkerek / Becskerek, kjem frå det ungarske ordet kerek "skog, lund" og etternamnet til adelsmannen Imre Becsei, som hadde store eigedomar her på 1300-talet. Namnet kan derfor tyde "skogen til Becsei". I 1935 fekk byen namnet Petrovgrad til ære for kong Peter I av Jugoslavia.

                                     

2. Historie

Byen Veliki Bečkerek / Nagy Becskerek vart først busett på 1300-talet og først nemnd i 1326. Kjøpstaden ved elva Begej kom under den serbiske fyrsten Stefan Lazarević på 1300-talet. Byen vart styrt av Kongedømet Ungarn fram til 1551 då han vart erobra av Det osmanske riket.

Den osmanske hæren erobra Bečkerek under Mehmed-paša Sokolović, ein osmansk statsmann med serbisk opphav. Dette førte til at dei lokale serbarane frå Bečkerek støtta han i erobringa. Etter byen fall, møtte Mehmed-paša leiarane av dei lokale serbarane og nominerte beg Malković som leiar i Bečkerek. Som takk for hjelpa serbarane gav, gjorde Mehmed-paša seinare i 1570 byen til sin vakuf og bygde mange vakre byggverk og gav innbyggjarane lokalt sjølvstyre. I den osmanske perioden vart Bečkerek delt i to delar mahala - ein serbisk og ein muslimsk. Han var sanjaksenteret i provinsen Temeşvar.

I 1716 vart Bečkerek erobra av Habsbugsmonarkiet og utvikla seg mykje etter ordre frå Maria Teresia i 1769. I 1779 vart Bečkerek sete i Torontal fylke. Han vart okkupert av osmanske troppar i 1788-1789 under den osmanske-habsburgske krigen.

Ein storbrann øydela nesten heile byen i 1807, og fylkessetet vart mellombels flytta til Sânnicolau Mare, fram til eit nytt fylkeshus vart bygd i 1820. Bečkerek fekk eit teater i 1839 og eit gymnas i 1846, samt eit rådhus i 1820 og justispalass i 1908.

Under revolusjonen i 1848-1849 var byen ein de facto hovudstad i Serbisk Vojvodina, eit serbisk sjølvstyrt område i Habsburgmonarkiet. Mellom 1849 og 1860 var han ein del av det austerrikske kronlandet Vojvodina i Serbia og Tamiš Banat. Etter provinsen vart avskaffa vart byen innlemma i Torontál fylke og var det administrative senteret i dette fylket. Etter 1867 låg Bečkerek i den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. Mot slutten av 1800-talet var byen hovudsakleg busett av ungarar og tyskarar.

I 1910 hadde byen 26 006 innbyggjarar. Det er usikkert om det var ungarar eller serbarar som utgjorde mesteparten av innbyggjarane på denne tida. Byen hadde då litt over 1000 jødar, som hovudsakleg snakka ungarsk.

Etter den første verdskrigen vart byen ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar seinare kalla Jugoslavia. Mellom 1918 og 1922 var byen senteret i eit fylke i kongedømet, mellom 1922 og 1929 var han ein del av Beograd oblast og mellom 1929 og 1941 var han ein del av Donau Banovina.

Mellom 1941 og 1944 var han okkupert av aksemaktene og vart ein del av det sjølvstyrte Banat i det tyskokkuperte Serbia. Frå 1945 vart Zrenjanin del av den sjølvstyrte provinsen Vojvodina i det nye sosialistiske Jugoslavia, og frå 1992 til 2003 i Den føderale republikken Jugoslavia, som så vart til statsunionen Serbia og Montenegro. Sidan 2006 har Zrenjanin høyrt til det sjølvstendige Serbia.

                                     
  • Zoran Tošić fødd 28. april 1987 i Zrenjanin i Vojvodina er ein serbisk fotballspelar som har spela for CSKA Moskva i den russiske toppdivisjonen, og
  • Sombor Sremska Mitrovica Subotica Šabac Užice Valjevo Vranje Zaječar Zrenjanin I 2002 vart det halde folketeljing i Serbia, men berre i Sentral - Serbia
  • ha kryssa grensa over til Serbia, munnar ho ut i Begakanalen nær byen Zrenjanin Denne artikkelen bygger på Bega Veche frå Wikipedia på engelsk, den
  • Ivana Španović fødd 10. mai 1990 er ein serbisk friidrettsutøvar frå Zrenjanin som internasjonalt deltek i lengdehopp, nasjonalt også i sjukamp. Ho vart
  • Banat i provinsen Vojvodina. Carska Bara ligg 17 km sørvest for byen Zrenjanin sentralt i Banat, nær staden der elva Begej munnar ut i Tisa. Sjølv om
  • vatn frå Novi Begej. Her renn elva ut frå kanalen og snur vestover. Ved Zrenjanin snur ho sørover gjennom det gamle elvefaret til Tisa, og renn gjennom
  • Senta Ada Bečej Žabalj Titel Banat: Novi Kneževac Čoka Kikinda Novi Bečej Zrenjanin I det første hundreåret nytta forfattaren Plinius namnet Pathissus for
                                     
  • 7. desember 2013 Angola 33 23 Argentina Medisonhallen, Zrenjanin
  • Bačka sør for landsbyen Pivnice i Vojvodina - høgd 76 moh. Munning Tisa vest for Zrenjanin Jegrička 45 22 1 N 19 29 22 E Wikimedia Commons: Jegrička
  • År Lag Kampar Mål 1982 - 1991 1991 - 1996 1996 - 1997 1997 - 2000 Proleter Zrenjanin Stuttgart Zeytinburnuspor Vegalta Sendai Landslag 1994 Serbia 1 0

Users also searched:

zrenjanin, serbisk geografi. zrenjanin,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →