Back

★ Sovetsk i Kaliningrad oblast

Sovetsk i Kaliningrad oblast
                                     

★ Sovetsk i Kaliningrad oblast

Sovetsk, er ein by i den noverande Kaliningrad-enklaven i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Nemunas og hadde 42 456 innbyggjarar i 2008. Byen var tidlegare ein del av Aust-Preussen og var då kjend som Tilsit. Ved slutten av andre verdskrigen vart han okkupert av den raude armeen og sivilfolkesetnaden vart drive bort.

                                     

1. Historie

Tilsit si historie starta med den tyske riddarordenen, som oppførte festninga Burg Tilsit 1406-1409. Det oppstod snart ein busetnad her som frå slutten av 1400-talet utvikla seg til eit økonomisk senter i regionen. I 1552 fekk Tilsit bystatus av hertug Albrecht av Preussen. Under sjuårskrigen 1758-1762 vart byen okkupert av russiske styrkar, men kom stort sett uskadd frå det. Det same var tilfellet då troppane til Napoleon var innom byen under den fjerde koalisjonskrigen i 1807. Same året skreiv Napoleon og Tsar Aleksander I av Russland under ein ikkje-åtakspakt i Tilsit Tilsit-avtalen.

På 1800- og 1900-talet fanst det mange litauiske forbund i byen sidan regionen hadde ein stor litauisk minoritet. Fram til 1914 voks Tilsit som følgje av omfattande trelastindustri og ein vidkjend produksjon av ost. Den kjende Tilsiter-osten vart funne opp og produsert av innvandrande nederlandske bønder. I 1832 fekk byen direkte vegsamband til Königsberg og i 1865 vart han knytt til det prøyssiske jernbanenettet. Under første verdskrigen var byen okkupert i to månader av russiske styrkar. I 1939 hadde byen om lag 56 000 innbyggjarar.

Andre verdskrigen var slutten for Tilsit som tysk by. I 1943 vart han råka av dei første allierte bombeåtaka. I oktober 1944 hadde austfronten rykt så nær at folkesetnaden vart evakuert. Men etter ei mellombels tysk militær offensiv valde ein del av innbyggjarane å vende tilbake. Då den raude armeen invaderte Aust-Preussen i januar 1945 hamna Tilsit i sentrum for åtaket. Han vart erobra 20. januar 1945 etter at eit intenst sovjetisk artilleribombardement hadde øydelagd 80 % av busetnaden. Ved freden vart byen som ein del av dei allierte sine avtalar frå Potsdamkonferansen ein del av ekslaven Kaliningrad oblast. Den gjenverande tyske folkesetnaden vart deportert eller utvist. Byen vart russifisert med tilflytta russarar og kviterussarar under det nye namnet Sovetsk. Under den kalde krigen var Sovetsk underlagt strenge militære restriksjonar og var stort sett stengd for utlendingar.

Då Sovjetunionen kollapsa vart Sovetsk ein russisk grenseby til Litauen. Det har sidan vorte lettare for tilreisande å vitje byen.

                                     
  • Sovetsk kan vise til: Sovetsk i Kaliningrad oblast ein by i Kaliningrad oblast i Russland Sovetsk i Kirov oblast ein by i Kirov oblast i Russland Sovetsk
  • 49418 i Baltijsk i Kaliningrad oblast eit sambandskompani Manøverelement 877. sjølvstendige marineinfanteribataljon FPN 81282 i Sovetsk i Kaliningrad oblast
  • For byen i Kaliningrad oblast sjå byen Neman Nemunas, Neman eller Niemen kviterussisk Нёман, Njoman tysk Memel litauisk Nemunas polsk Niemen russisk
  • og frametter er han omtalt som Edgar W. Froese. Froese vart fødd i Tilsit Sovetsk i Aust - Preussen under andre verdskrigen. Han tok pianotimar frå han
                                     
  • over byar i Russland. Ifølgje ei folketeljing frå 2002 er det 1108 byar i Russland. Byar i Russland etter folketal Liste over alle stader i Russland 2002

Users also searched:

sovetsk i kaliningrad oblast, litauisk geografi. sovetsk i kaliningrad oblast,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →