Back

★ Odessa

Odessa
                                     

★ Odessa

Odessa eller Odesa er den tredje største byen i Ukraina med litt over éin million innbyggjarar. Byen har ei stor hamn og ligg ved nordvestkysten av Svartehavet og er det administrative senteret i Odessa oblast. Byen er oppkalla etter ein gresk koloni frå antikken som heitte Odessos.

Føregjengaren til Odessa var ein liten tatarisk busetnad grunnlagd av Hacı I Giray, khanen av Krim-khanatet, i 1240 og opphavleg kalla opp etter han som Hacıbey. Etter ein periode under litauisk kontroll, vart han underlagd Det osmanske riket i 1529 og vart verande her fram til tyrkarane tapte den russisk-tyrkiske krigen i 1792. Byen Odessa vart grunnlagd etter påbod frå tsarina Katarina den store i 1794. Frå 1819 til 1858 var Odessa ei frihamn. Under Sovjetunionen var byen ei viktig handelshamn og ein viktig marinebase.

På 1800-talet var Odessa den fjerde største byen i Det russiske imperiet, etter Moskva, St. Petersburg og Warszawa. Den historiske delen av byen har ein arkiktektur som er meir middelhavsk enn russisk, og har vorte kraftig påverka av franske og italienske stilar. Somme bygjingar er bygd ei blanding av forskjellige stilar, inkludert Art Nouveau, renessansen og klassisismen.

Odessa er ei isfri anløpshamn og i tillegg til sjølve Odessa ligg òg Juzjne i nærleiken, ein internasjonal viktig oljeterminal. Ein annan viktig hamneby, Illitsjivsk, ligg òg i same oblast, sørvest i Odessa. I lag er dei eit stort transportknutepunkt.

                                     

1. Geografi

Odessa ligg ved Svartehavet ved Odessabukta, kring 31 km nord for estuaret til elva Dnestr og 443 km sør for hovudstaden Kiev.

Plasseringa ved kysten av Svartehavet gjer at byen har ein blømande turistindustri og den kjende Arkadiastranda er ein populær badeplass. Det er òg store sandstrender nord for byen.

Klima

Odessa har eit fuktig subtropisk klima Köppen si klimaklassifisering: Cfa nær grensa til kontinentalklima Dfa og steppeklima BSk. Årsmiddeltemperaturen i sjøen er 13-14 ºC, medan temperaturen i havet i august når 23 ºC i snitt. Byen har typisk tørre, relativt milde vintrar, med temperatur sjeldan under -3 ºC. Om somrane kjem det derimot meir nedbør med temperaturar opp mot 30-35 ºC. Byen får stundom snø, men han ligg sjeldan lenge.

                                     

2. Historie

Odessa vart grunnlagd i 1794 på land som nyleg hadde vorte annektert av Russland frå Det osmanske riket. Då fanst det berre eit fort der.

Då det tyske åtaket på Sovjetunionen byrja 22. juni 1941, låg Odessa i åtaksområdet til den 4. rumenske arméen, som hadde rask framgang mot den sovjetiske 9. arméen. Slaget om Odessa byrja då byen vart nådd 5. august 1941. Sovjetleiinga erklærte Odessa som forsvarssone, der restar av troppane på tilbaketog slutta seg til dei ca 35 000 forsvararane i byen marine og friviljuge. "Underbyen" hòleaktige steinbrot vart bruka til dekning. Forsterka via sjøen kunne garnisonen halde stand mot alle rumenske åtak heilt til oktober. Stoda vart likevel vonlaus på grunn av den tyske framrykkinga mot Krimhalvøya, så Odessa vart evakuert frå 1. oktober. Den sovjetiske svartehavsflåten bringa i dagane fram til 16. oktober 70 000 soldatar og sivile til Sevastopol på Krim.

I mars 1944 fekk den sovjetiske "3. ukrainske front" i oppdrag å rykkje fram til elva Dnestr og gjenerobre Odessa. Frå fleire bruhovud på høgre breidda av elva Søndre Bug gjekk tre sovjetiske arméar i slutten av månaden til åtak på den tyske 6. arméen. Denne kunne berre føre opphaldande defensiv strid, og var truga i ryggen av sterke partisangrupper. Den 10. april måtte tyskarane rømme Odessa og kome seg over på hi sida av Dnestr. Med tapet av denne hamna gjekk det mot slutten for tysk krigføring i Svartehavet.

Under andre verdskrigen var Odessa altså okkupert av rumenske og tyske styrkar frå 1941 til 1944. Byen var frå desember 1941 sete for det rumenske hovudkvarteret for Transnistria. Under okkupasjonstida vart ca 60 000 innbyggjarar myrda eller deporterte, dei fleste av desse var jødar. Særleg ein massakre frå 23. til 25. oktober 1941 må minnast. Ved ein eksplosjon i det rumenske hovudkvarteret i Odessa døydde 61 personar, inkludert ein rumensk general. Den rumenske leiaren, Ion Antonescu, gav etter det ordre om at det skulle drepast 200 jødar eller kommunistar for kvar drepen offiser og 100 for kvar soldat. Frå dette utvikla det seg ein massakre der om lag 30 000 jødar vart drepne.

                                     

3. Arkitektur

Gater og hus ligg spreidde ut på terrasserte åsar omkring ei lita hamn. Arkitekturen i Odessa er sterkt påverka av Frankrike og Italia og gjev eit kontinentalt inntrykk.

                                     
  • Odessa oblast ukrainsk: Одеська область er ein provins oblast i Ukraina. Provinsen har eit areal på 33 310 km². I 2008 hadde Odessa oblast 2 687 543
  • Koordinatar: 46 33 N 30 49 E Kapp E eller Nord - Odessa - neset ukrainsk мис Е, Північний Одеський, russisk мыс Е, Северный Одесский er det nordlegaste
  • er den mest kjende stranda i Odessa i Ukraina. Stranda vart kalla opp etter Arkadia i Hellas. Grunnleggjarane av Odessa valde dette namnet i håp om at
  • 31 47 20 E Nova Odesa ukrainsk Нова Одеса, russisk Новая Одесса, Novaja Odessa er ein by i Mykolajiv oblast provins sør i Ukraina. Han er det administrative
  • 46 18 06 N 30 39 25 E Tjornomorsk ukrainsk Чорноморськ er ein hamneby i Odessa oblast provins sørvest i Ukraina. Byen er eit eige rajon distrikt i
  • saman med Odessa og Illitsjivsk. Desse tre hamnebyane har nær vokse saman til ein enkel storby og Juzjne vert ofte rekna som ein forstad til Odessa Denne
  • Tatarbunar russisk Татарбунары, tyrkisk Tatarpınarı er ein liten by i Odessa oblast provins særvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i
  • liten by i Odessa oblast provins sørvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Balta rajon distrikt og ligg kring 200 km frå Odessa Byen har
  • Koordinatar: 46 30 23 N 30 19 35 E Teplodar ukrainsk Теплодар er ein liten by i Odessa oblast i Ukraina. Byen har kring 9 000 innbyggjarar 2011 Byen vart grunnlagd
  • sentralt i Odessabukta. Det ligg i sentrum av Odessa ved Arkadiastranda. Den hydrobiologiske stasjonen til Odessa universitet ligg på neset. Denne artikkelen
                                     
  • av dehydrering eller steinras. Slaget ved Odessa i 1941 Znojmokatakombene Denne artikkelen bygger på Odessa Catacombs frå Wikipedia på engelsk, den 5
  • og somme år berre 5 7 Byen Odessa og hamna der ligg ved kysten av bukta. Denne artikkelen bygger på Gulf of Odessa frå Wikipedia på engelsk, den
  • Berezívka ukrainsk Березівка, russisk Березовка, Berezovka er ein by i Odessa oblast i Ukraina. Byen har kring 9 000 innbyggjarar 2011 Denne artikkelen
  • 30 13 31 E Biljajvka ukrainsk Біляївка, russisk Беляевка, Beljevka er ein by i Odessa oblast i Ukraina. Byen har kring 12 000 innbyggjarar. Denne artikkelen bygger
  • bulgarsk Арциз, Artsiz rumensk Arciz, tyrkisk Artsız eller Arsız er ein by i Odessa oblast i Ukraina. Byen har kring 15 000 innbyggjarar 2011 Denne artikkelen
  • 29 7 30 E Kodyma ukrainsk Кодима, russisk Кодыма, rumensk Codâma er ein by i Odessa oblast provins sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret
  • 29 58 E Ananjiv ukrainsk Ананьїв, russisk Ананьев, Ananjev er ein by i Odessa oblast i Ukraina. Han ligg ved elva Tiligul. Byen har kring 9 000 innbyggjarar
  • Odessamassakren viser til utryddinga av jødar i Odessa og omkringliggjande byar i Transnistria hausten 1941 og vinteren 1942, utført av rumenske soldatar
  • ein myrlendt dal nær landsbyen Budej i Kodymsky rajon i Odessa oblast, og renn gjennom Odessa oblast og Mykolaiv oblast før ho munnar ut i Søndre Buh
  • Koordinatar: 46 50 55 N 30 4 45 E Rozdilna ukrainsk Роздільна er ein liten by i Odessa oblast provins sør i Ukraina. Han er det administrative senteret i Rozdilna
                                     
  • Jurij Valerjevitsj Nikiforov fødd 16. september 1970 i Odessa er ein russisk tidlegare fotballspelar som spelte landskampar for både Sovjetunionen, Ukraina
  • det sørlegaste punktet i Odessabukta i Ukraina. Det ligg heilt sør i byen Odessa Denne artikkelen bygger på Cape Velyky Fontan frå Wikipedia på engelsk
  • Haci Bey liman er eit estuar nordvest i Svartehavet, nordvest for byen Odessa Det er skild frå havet av ein sandbanke, som er kring 5 km lang. Estuaret
  • til Romania. Administrativt høyrer byen til Kiliyskyj rajon distrikt i Odessa oblast provins Byen har kring 9 000 innbyggjarar 2011 Vylkove vart
  • 28 16 16 E Reni ukrainsk Рені rumensk Reni russisk Рени er ein liten by i Odessa oblast provins vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Reni
  • bulgarsk og russisk Болград Bolgrad rumensk Bolgrad er ein liten by i Odessa oblast provins sørvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i
  • er eit estuar i Velykyj Kujalnik - elva nordvest i Svartehavet, nær byen Odessa Området dekkjer 56 - 60 km² og estuaret er 28 km lang, 3 km breitt og i snitt
  • Adcalik liman er eit brakkvassområde sør i Ukraina, 30 km norduast for Odessa På venstrebreidda av den nedre delen av estuaret ligg byen Yuzjne. Estuaret
  • 29 32 E Podilsk ukrainsk skrift Подільськ, rumensk Birzula er ein by i Odessa oblast i Ukraina, det administrative senteret i Podilskyj rajon. Byen har
                                     
  • nord og Kiev oblast i nordaust, Tsjerkasy oblast i aust og Kirovohrad - og Odessa oblast i søraust. Denne artikkelen bygger på Vinnytsia Oblast frå Wikipedia

Users also searched:

odessa, ukrainsk geografi. odessa,

...

Encyclopedic dictionary

Translation
Free and no ads
no need to download or install

Pino - logical board game which is based on tactics and strategy. In general this is a remix of chess, checkers and corners. The game develops imagination, concentration, teaches how to solve tasks, plan their own actions and of course to think logically. It does not matter how much pieces you have, the main thing is how they are placement!

online intellectual game →